12594_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12594
Lågare prisar innanlands
statistikk
2002-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. mai 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare prisar innanlands

Prisindeksen for førstegangsomsetning gjekk ned med 0,8 prosent frå april til mai. Dei fleste varegruppene hadde eit prisfall, med unntak av kjemiske produkt som auka 0,1 prosent.

Sterkast nedgang frå april fann stad innan brenslestoff, smøreolje og elektrisk straum der prisane gjekk ned med 1,9 prosent. Dessutan fall prisane innan råvarer eksklusive brenslestoff med 1,4 prosent. Elles var det berre mindre endringar i hovudgruppene.

12-månadersendring

Indeksen samla gjekk ned med 5,5 prosent sidan mai i fjor. Dette kjem av nedgang i prisane på produkt innan brenslestoff, smøreolje og elektrisk straum og gruppa råvarer. Nedgangen i førstnemnte gruppe kjem av lågare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt. Nedgangen i råvaregruppa kjem av lågare prisar på malm og avfall av metall.

Svakare 12-månadersendring

12-månadersendringa for totalindeksen har i ein lengre periode vore negativ. I mai var endringa den lågaste for 2002. Prisutviklinga innan brenslestoff, smøreoljer og elektrisk straum er den viktigaste årsaka til dette. Denne gruppa hadde i mai ei endring på -17,6 prosent, etter -11,2 i april og -9,8 i mars.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
  Mai 2002 Endring i prosent
  April-mai 2002 Mai 2001-mai 2002
Totalindeks 98,07 -0,8 -5,5
Matvarer og levende dyr  105,67 -0,1 1,0
Drikkevarer og tobakk  103,09 0,0 3,4
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer 88,80 -1,4 -13,4
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm 85,44 -1,9 -17,6
Kjemiske produkter  103,92 0,1 0,5
Bearbeidede varer 98,68 -0,1 -3,5
Maskiner og transportmidler  103,83 -0,1 0,6
Forskjellige ferdige varer  102,18 -0,3 0,7