12618_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12618
Lågare prisar innanlands
statistikk
2001-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. november 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare prisar innanlands

Prisindeks for førstegongsomsetning gjekk ned 1,4 prosent frå oktober til november. Den største nedgangen var atter ein gong å finne i prisane på oljeprodukta og råvarene.

Prisane på brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk ned 6,6 prosent frå oktober til november. Nedgangen kjem av lågare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt. Prisane på råvarer gjekk ned 1,1 prosent og har vist fall sidan juni. Maskiner og transportmiddel samt matvarer var dei einaste gruppene der prisane viste vekst, begge gjekk opp 0,1 prosent.

12-månadersendringa; prisane 8,8 prosent lågare enn i fjor

12-månedersendring (november 2000-november 2001) for indeksen samla blei -8,8 prosent. Dette kjem av nedgang i prisane for brenselstoff, råvarer og bearbeidde varer. Brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk i denne perioden ned 35 prosent. Råvarer gjekk ned 13,3 prosent, hovudsakleg grunna nedgang i prisane på malm og avfall av metall samt papirmasse og papiravfall. Sterkast oppgang var å finne blant matvarer samt maskiner og transportmiddel der prisane har stege respektive 3,7 og 2,9 prosent i forhold til november i fjor.

Utviklinga i 12-månadersendringa

Sidan april i år har 12-månadersrata gått frå å vere vel 7 prosent til -8,8 prosent i november - førre månaden var den -7,0 prosent. Brenselstoff ligg no på -35 prosent, etter å ha vore -30,3 prosent i oktober. Matvarene gjekk frå 4,8 til 3,7 prosent. I denne gruppa var det 12-månadersveksten for fisk, krepsdyr og blautdyr som viste størst nedgang grunna lågare vekst i prisane frå oktober til november i år jamført med same periode i fjoråret.

Einaste gruppe med vekst i 12-månadersendringa var bearbeidde varer. Her var prisane 3,6 prosent lågare i oktober, mens dei i november var 3,5 prosent lågare.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
    Endring i prosent
  November 2001 Oktober 2001- november 2001 November 2000- november 2001
Totalindeks 95,96 -1,4 -8,8
Matvarer og levande dyr 106,01 0,1 3,7
Drikkevarer og tobakk 102,51 -0,9 1,4
Råvarer (ikkje etande) ekskl. brenslestoff 91,70 -1,1 -13,3
Brenselstoff, smørjeolje, elektrisk straum 76,25 -6,6 -35,0
Kjemiske produkt 104,30 -0,2 3,0
Bearbeidde varer 98,77 0,0 -3,5
Maskiner og transportmiddel 103,82 0,1 2,9
Ulike ferdige varer 102,03 0,0 1,8