12631_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12631
Lågare prisar enn i fjor
statistikk
2001-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. august 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare prisar enn i fjor

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands var uendra frå juli til august. Nedgang i majoriteten av hovudgruppene vart motverka av høgare prisar på oljeprodukt og maskiner.

Prisane på brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk opp 0,9 prosent frå juli til august. Tilsvarande oppgang for maskiner og transportmidlar var 0,4 prosent. Bearbeidde varer og råvarer hadde dei kraftigaste nedgangane, med respektive 0,6 og 0,9 prosent. Begge gruppene har med dette vist ein fallande tendens hittil i år, i motsetning til fjoråret da gruppene viste oppgang gjennom same periode.

12-månadersendringa, august 2000-august 2001; prisvekst -0,2 prosent

For første gong i år vart 12-månedersendringa for indeksen samla negativ. Dette kjem i hovudsak av nedgang i prisane for brenselstoff og råvarer. Brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk ned 8,7 prosent. Bak dette låg ein 12,4 prosents nedgang i prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt. Råvarer gjekk ned 4,1 prosent i denne perioden. Årsaka til dette var nedgang i prisane på malm og avfall av metall, samt papirmasse og papiravfall. Sterkast oppgang var det i hovudgruppa matvarer som steig 5,4 prosent.

Utviklinga i 12-månadersendringa

12-månadersendringa totalt fortset å falle slik ho har gjort sidan april. Frå å vere 0,3 prosent i juli gjekk ho ned til -0,2 prosent i august. Dette er første gongen sidan januar 1999 at prisane ein månad er lågare enn same periode året før. Den siste nedgangen kjem i stor grad av lågare prisar på brenselstoff og bearbeidde varer. Brenselstoff ligg no på -8,7 prosent, etter å ha vore 17,8 prosent i april og -6,6 prosent i førre månad. Dei bearbeidde varene gjekk frå 0,9 prosent i juli til -0,4 prosent i august. Hovudsakleg er det utviklinga i prisane på metall som ligg bak nedgangen denne gruppa har opplevd så langt i år. Også 12-månadersendringa til råvarene har stort sett vist fall så langt i år.

Trass i uendra prisar frå førre månad viser matvarer den sterkaste veksten i årsendringa. Denne gruppa gjekk frå 4,7 prosent i førre månad til 5,4 prosent i august grunna ein 0,7 prosents nedgang i prisane frå juli til august i fjor.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  August 2001 Endring i prosent
  Juli-august 2001 August 2000-august 2001
Totalindeks 100,67 -0,0 -0,2
Matvarer og levande dyr 105,06 -0,0 5,4
Drikkevarer og tobakk 98,75 -0,5 -1,2
Råvarer (ikkje etande) ekskl. brenslestoff 99,58 -0,9 -4,1
Brenslestoff, smørjeolje, elektrisk straum 93,88 0,9 -8,7
Kjemiske produkt 103,80 -0,2 4,3
Bearbeidde varer 100,26 -0,6 -0,4
Maskiner og transportmiddel 103,83 0,4 3,7
Ulike ferdige varer 101,91 -0,1 1,7