12723_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12723
Olje løfter prisane innanlands
statistikk
1999-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. august 1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Olje løfter prisane innanlands

Totalindeksen auka med 0,2 prosent frå juli til august, og høgare prisar på råolje og raffinerte oljeprodukt ga dei største bidraga til utviklinga. 12-månadersauken frå august 1998 til august 1999 var på 2,1 prosent.

Gruppa brenselstoff, brenselolje og elektrisk kraft hadde ein prisauke på 1,3 prosent frå førre månad. Oppgang i prisane på råolje i august saman med auka prisar på raffinerte produkt står for mykje av stigninga. Gruppa hadde totalt ein sterkare oppgang frå juli til august i år enn i fjor, noko som resulterte i at 12-månadersauken gjekk opp til 10,7 prosent etter å ha vore 9,1 prosent i juli.

Dei fleste viktige gruppene viste stigning frå førre månad. Unntaket som også dempa oppgangen i totalindeksen noko var gruppa matvarer og levande dyr, som viste ein nedgang på 0,7 prosent frå førre månad. Fallet kjem blant anna av at både haustslaktinga og innhaustinga av grønsaker er godt i gang. I tillegg fell prisane på mange av dei importerte fruktene og på fiskeprodukt.

Gruppert etter sluttbruk gjekk prisane på varer til konsum ned med 0,1 prosent frå juli til august. Den sesongprega nedgangen er mindre no enn i fjor, noko som fører til at 12-månadersauken gjekk opp til 1,7 prosent etter å ha vore 1,4 prosent i juli. Det var berre ei lita endring i prisane på varer til investering.