199304_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
199304
HKPI ned 0,2 prosent
statistikk
2015-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false
Harmonisert konsumprisindeks for Norge, august 2015.

Harmonisert konsumprisindeksaugust 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg gjekk ned 0,2 prosent frå juli til august. Lågare prisar på drivstoff og smøremiddel samt matvarer drog HKPI ned, medan høgare elektrisitetsprisar trakk i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Juni 2015Juli 20151August 20151
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,61,51,8
Island0,00,5...
Sverige0,40,8...
Danmark0,40,5...
Finland0,1-0,1...
Tyskland0,10,1...
Storbritannia0,0......
EØS0,20,1...
EU0,10,1...
Euroområdet0,20,20,2
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 120,1 (2005=100) i august 2015, mot 118,0 den same månaden i 2014. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,8 prosent i august, opp 0,3 prosentpoeng frå juli.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om augusttala.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juli 2015 viser at HKPI var 120,7 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,7 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i juli var 0,1 prosent for EU og EØS, medan den var 0,2 prosent for euroområdet. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,2 prosent for august 2015.

Detaljerte tal for august 2015 vert publiserte av Eurostat 16. september.