158041_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
158041
HKPI opp 0,9 prosent
statistikk
2014-08-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksjuli 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,9 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,9 prosent frå juni til juli 2014. Høgare prisar på matvarer, elektrisitet, flyreiser, aviser og tidsskrifter drog HKPI opp, medan lågare prisar på klede drog HKPI i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Mai 2014Juni 20141Juli 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,61,82,2
Island1,11,3...
Sverige0,10,5...
Danmark0,30,4...
Finland1,01,1...
Tyskland0,61,0...
Storbritannia1,51,9...
EØS0,60,7...
EU0,60,7...
Euroområdet0,50,50,4

HKPI for Noreg var 118,5 (2005=100) i juli 2014, mot 115,9 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,2 prosent for juli, opp 0,4 prosentpoeng frå juni.

For meir informasjon om julitala sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juni 2014 viser at HKPI var 121,2 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 118,2 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i juni var 0,7 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var veksten 0,5 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,4 prosent for juli 2014.

Detaljerte tal for juli vert publiserte av Eurostat 14. august.