142891_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
142891
HKPI opp 0,5 prosent
statistikk
2014-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksfebruar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,5 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,5 prosent frå januar til februar 2014. Høgare prisar på flyreiser, matvarer og møbler medverka mest til oppgangen, medan lågare prisar på bøker drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Desember 2013Januar 20141Februar 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,82,11,9
Island3,71,5...
Sverige0,40,2...
Danmark0,40,8...
Finland1,91,9...
Tyskland1,21,2...
Storbritannia2,01,9...
EØS1,00,9...
EU1,00,9...
Euroområdet0,80,80,8
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 117,0 (2005=100) i februar 2014, opp frå 114,8 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,9 prosent for februar, ned 0,2 prosentpoeng frå januar.

For meir informasjon om februartala , sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for januar 2014 viser at HKPI var 119,7 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 116,6. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i januar var 0,9 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var den 0,8 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,8 prosent for februar 2014.

Detaljerte tal for februar vert publiserte av Eurostat 17. mars.