13246_om_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/kvartal
13246_om
statistikk
2019-04-04T08:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Varehandel og tjenesteyting
no
false

Prisindeks for engroshandel (opphørt)1. kvartal 2019

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Prisindeks for engroshandel (opphørt)
Emne: Priser og prisindekser

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets konjunkturer

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Representantvare: Er nemning på alle einingar vektgrunnlaget er bygd opp av og som det blir innhenta prisar på.

Pris: Prisar verksemda oppnår ved sal til sine kunder som er detaljistar. Prisane vert oppgitt den 15. i månaden og er eksklusive meirverdiavgift, men inklusive andre avgifter.

Laspeyre prisindeks er ein prisindeks sett saman av fleire indeksar som blir brukte til berekning av den totale indeksen.

 

 

Standard klassifikasjonar

Pris: Prisar som blir målte i denne indeksen er eksklusive meirverdiavgift, men inklusive andre offentlege avgifter. Rabattar som er uavhengig av storleiken på kjøpa til kundane skal trekkjast frå. For varer som blir omsette i fleire marknader til ulik pris, skal prisen i den marknaden som betyr mest for omsetninga i verksemda brukast. Prisen blir gitt for den 15. i den midtarste månaden i kvartalet.

Indeksane blir publiserte på næringsnivå etter Standard for næringsgruppering (SN2007).

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Berre på nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Kvartalsvis.

Blir publisert om lag 5 dagar etter utgangen av kvartalet.

 

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon er lagra i programmeringsspråket SAS og blir langtidslagra som tekstfiler.                                                   .                                            ..

 

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med prisindeksen er å måle prisutviklinga i engroshandelen. Statistikken har tal tilbake til 1985.

Brukarar og bruksområde

Prisindeksen for engroshandel blir nytta  av offentleg  verksemd, bransjeorganisasjonar  og ulike aktørar innanfor varehandelen. Indeksen blir også nytta som grunnlag ved regulering av ulike typar kontraktar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre  lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Prisstatistikk for engroshandel blir nytta ved berekning av volumindeks for engroshandel.

Lovheimel

Statistikkloven §2-1,2-2 og §2-3 (tvangsmulkt).

EØS-referanse

Ingen internasjonale krav.

Produksjon

Omfang

Populasjonen er alle verksemder i Noreg, med årleg omsetning over 10 millionar kroner, innanfor næring Agentur - og engroshandel (SN2007:46), med unntak av næringshovudgruppe Agenturhandel (SN2007: 46.1).

Datakjelder og utval

Frå SSB sitt eige verksemds- og føretaksregister får vi opplysningar om geografisk plassering, talet på sysselsette og alder på verksemda. Prisane blir innhenta frå verksemdene gjennom webskjema i Altinn.

Utvalet består av ca 1000 verksemder og utgjer om lag 15 prosent av verksemdene og 40 prosent av omsetninga. Berre verksemder med meir enn 10 millioner kroner i omsetning er med i utvalet. 1/4 av utvalet blir rullert ein gong i året, i første kvartal. Verksemder som har vore med i utvalet i fire år blir skifta ut dersom dei  ikkje høyrer til eit fullteljingsstrata. Populasjonen blir stratifisert etter næring og omsetning. Omsetningsgrensene mellom strata varierer frå næring til næring.

Datainnsamling, editering og beregninger

I tillegg til registerdata hentar vi opplysningar frå verksemdene i utvalet ved hjelp av spørjeskjema i Altinn. Skjema blir sendt ut omlag den 15. i den midtarste månaden i kvartalet. Frist for innsending er knapt 2 veker seinare.

Om ei vare er utgått skal verksemda velje ei erstatningsvare som er mest mogleg lik den tidlegare rapporterte vara og rapportere pris på den. Det er lagt inn logiske kontrollar i dataregistreringsrutinen. For kvar enkelt verksemd blir oppgitte prisar samanlikna med prisar gitt i førre kvartal, samt med lengre tidsseriar av prisar for kvar verksemd. Store differansar i pris samanlikna med tidlegare, eller manglande prisar blir følgt opp vidare. Ved store endringar eller partielt fråfall blir oppgåvegivar kontakta over telefon.

Prisendringane blir også samanlikna med tal frå Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands.

Ved berekning av indeksen blir det brukt formel av typen Laspeyre. Indeksen blir berekna i 6 trinn:

Trinn 1: For kvar verksemd i utvalet blir prisindeks berekna for dei representantvarene som har pris oppgitt i basisperioden og berekningsperioden.

Trinn 2: Det blir berekna ein prisindeks for kvar varegruppe som eit uvege gjennomsnitt av prisindeksane for representantvarene innanfor varegruppa

Trinn 3: Det blir berekna ein verksemdsprisindeks som eit vege gjennomsnitt av prisindeksane i varegruppa.

Trinn 4: Det blir berekna ein prisindeks for kvart strata innanfor kvar næringsundergruppe som eit uvege gjennomsnitt av prisindeksane til verksemdene i strata. Verksemdene blir delte inn i to strata basert på omsetninga. Grensene for strata­inndeling varierer frå næring til næring.

Trinn 5: For kvar næringsundergruppe blir det berekna ein prisindeks som eit vege gjennomsnitt av prisindeksane til stratuma med omsetninga i stratuma som vekt.

Trinn 6: Prisindeksane for næringsgrupper, næringshovudgrupper og for engroshandel i alt blir berekna som vege gjennomsnitt på tilsvarande vis. Vi veg saman indeksane på eit nivå med dei aktuelle omsetningsdelane og summerer.

Frå varehandelsstatistikken hentar vi omsetningen til stratuma og omsetning til dei enkelte næringsgruppene. Omsetning frå siste tilgjengelege varehandelsstatistikk blir nytta som vekter.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Det er ikkje mogleg å identifisere sensitive opplysningar frå verksemdene ut frå statistikken. Bruk av innsamla data frå oppgåvegivaren skjer i samsvar med vedtak i statistikkloven.

Samanlikningar over tid og stad

Indeksen er publisert i noverande form sidan 1985.

Etter krav frå Eurostat vart Engrosprisindeksen omrekna til 2015=100 som referanseår ved publisering av tall for 1. kvartal 2018. Før omrekninga var 2005=100 referanseår.

Før 1989 vart namnet "Engrosprisindeksen" brukt på det som i dag heiter "Produksjonsindeks for førstegangsomsetning innenlands" (PIF) https://www.ssb.no/pif.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

For å redusere moglege feil i innsamlinga er næringsspesifikke varegrupper utarbeida i samråd med oppgåvegivarane. Ved første rapportering bes oppgåvegivarane om å definere representantvarer innan dei næringsspesifikke varegruppene med eintydige varebeskrivingar. Verksemdas beskrivingar samt prisar frå førre kvartal følgjer med på skjemaet ved seinare rapporteringar.

Oppgåvegivarar kontaktas dersom dei rapporterer ulogiske prisendringar, til dømes om prisendringane er veldig store samanlikna med førre kvartal, eller om prisar ligg uendra over lang tid.

Svarprosenten er på om lag 98 prosent ved publisering.

Verksemder med fråfall blir purra og gitt tvangsmulkt. Store verksemder som ikkje svarer blir også purra over telefon like før publisering. Det er ikkje berekna noko mål på effektar av underrapportering, men det blir ikkje vurdert til å representere noka vesentleg feilkjelde.  

Utvalet av verksemder oppdateras årleg. Verksemdene i utvalet står for om lag 40 prosent av omsettinga i populasjonen. Utvalet utgjer rundt 15 prosent av verksemdene i populasjonen.

Revisjon

Tala som blir publiserte er endelege tal.