92739_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
92739
Fleire overnattingar i februar
statistikk
2013-04-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard, Transport og reiseliv
true

Overnattingar på Svalbardfebruar 2013

Statistikken blir no publisert saman med overnattingar f.o.m. referansemånad mars 2013.

Innhald

Publisert:

Fleire overnattingar i februar

Det var 5 600 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i februar 2013. Dette utgjer ein auke på 17 prosent frå februar 2012.

Svalbard. Overnattinger, etter gjestenes nasjonalitet
Februar 2012Februar 2013Endring i prosent
Februar 2012 - Februar 2013
I alt4 7655 58917,3
Utlandet i alt8071 06532,0
Norge3 9584 52414,3

Overnattingsstadene på Svalbard hadde over 820 fleire overnattingar i februar i år enn i februar 2012. Norske og utanlandske overnattingar auka med høvesvis 560 og 260, eller 14 og 32 prosent.

Talet på overnattingar i samband med kurs og konferanse var 1 906. Dette er ein auke på 993, eller litt over ei dobling, samanlikna med februar i fjor. Samstundes gjekk talet på ferie- og fritidsovernattingar opp med 448, eller 16 prosent, til 3 306, medan overnattingar i samband med yrkesreiser hadde ein nedgang på 617, eller 62 prosent, til 377.

I februar i år nytta gjestene 29,5 prosent av sengekapasiteten og 46,2 prosent av romma. Dette er høvesvis 5,2 og 9,9 prosentpoeng høgare enn i februar 2012. Losjiomsetninga auka med 28 prosent til 3,4 millionar kroner.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom Åpne og lesLukk

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.