14582_om_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
14582_om
statistikk
2013-04-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
true

Overnattingar på Svalbardfebruar 2013

Statistikken blir no publisert saman med overnattingar f.o.m. referansemånad mars 2013.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Overnattingar på Svalbard
Emne: Transport og reiseliv

Ansvarleg seksjon

Seksjon for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

For hotell gjeld talet på bedrifter som er registrerte som opne minst ein dag i den perioden som tabellen har tal for.

Senger og rom i hotell gjeld talet på senger og rom i dei bedrifta som er registrerte som opne.

Kapasitetsutnytting av senger i hotell er talet på overnattingar i prosent av talet på sengedøgn, der sengedøgn er talet på senger i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Kapasitetsutnytting av rom i hotell er selde rom i prosent av romdøgn, der romdøgn er talet på rom i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Rom og senger er to ulike mål på kapasiteten ved eit hotell, fordi romma i ulik grad er enkelt- eller dobbeltrom. Eit hotell med til dømes berre dobbeltrom kan ha 100 prosent utnytting av romma, medan sengene berre er utnytta til 50 prosent. Kapasitetsutnytting av senger og rom kan såleis vise ulik utvikling frå ein periode til ein annen.

Nasjonalitet: Med gjesten sin nasjonalitet meiner vi det landet der gjesten er busett, ikkje det landet der gjesten har statsborgarskapen sin. I dei fleste tilfella er dette eit og same land.

Losjiomsetning ved hotella er omsetning for overnattingsverksemda, altså ikkje omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Ikkje relevant

Kor ofte og aktualitet

Hyppigheit: Månad

Aktualitet: Om lag 4 til 5 veker etter utgangen av referansemånaden

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata er lagra i Oracle-databaser, og som filer i SAS- og ASCII-format.

Bakgrunn

Føremål og historie

Overnattingsstatistikken for Svalbard vart etablert i 2010.

Brukarar og bruksområde

Statistikkane vert nytta av Næringsdepartementet, Innovasjon Norge, organisasjonar og forskingsinstitusjonar innanfor reiselivet samt internasjonale organisasjonar som til dømes Eurostat. Kartlegginga av turisttilstrøyminga til Noreg er viktig som grunnlag for forsking og ikkje minst som oppfølging av marknadsføringa av Noreg i utlandet og som grunnlag for oppfølging av myndigheitene si satsing på reiseliv som vekstområde.

Internt i Statistisk sentralbyrå er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.

Samanheng med annan statistikk

Nasjonalrekneskapen nyttar hotellstatistikken i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen. Hotellstatistikken sine tal for norske overnattingar vert nytta for å kvalitetssikre Reise- og Ferieundersøkinga.

Overnattingsstatistikkane vert nytta til berekningar i den kvartalsvise omsetningsindeksen for samferdsel og reiseliv. I tillegg vert dei nytta til å kvalitetssikre strukturundersøkinga for hotell- og restaurant.

Lovheimel

§ §2-1, 2-2 og 2-3 i lov av 16. juni 1989 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (Statistikklova)

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard

Nasjonalitetsfordelinga for alle statistikkane er i samsvar med EUs direktiv for turismestatistikk. I tillegg registrerer ein talet på overnattingar frå personar som bur i Mexico.

Datakjelder og utval

Online rapportering i form av tekstvedlegg til e-post samt rapportering over Internett.

Overnattingsstatistikkane er baserte på fullteljing for dei bedriftene som er større enn dei nemnde grensene, sjå punkt 3.1.

Datainnsamling, editering og beregninger

Brev med påminning om rapportering vert sende ut den 25. i tellingsmånaden. Frist for innsending er 5. i månad m+1. Dei som ynskjer å rapportere på papirskjema, må sjølve ta kontakt med SSB for å få tilsendt papirskjema.

Alle statistiske data vi får vert kontrollerte for matematiske og logiske feil.

For non-respondentar vert manglande verdiar berekna maskinelt basert på kjennskap til respondentane. Basis for desse berekningane er registeret sine oppgåver over opningstid og kapasitet for alle overnattingsbedriftene. I desse berekningane er det gått ut frå at non-respondentar har same kapasitetsutnytting som respondentane i same stratum.

Det er god statistisk samanheng mellom delen av yrkesovernattingar og overnattingsprisen som hotellet kan få i marknaden. Denne samanhengen er nytta for å berekne overnattingspris og vidare losjiomsetning for bedrifter som ikkje har gitt oppgåve over omsetning.

Om lag 5 prosent av bedriftene gjer ikkje oppgåve over verksemda kvar månad, non-respondenter. Ein bereknar tal både for overnatting og omsetning for desse bedrifta. Basis for berekningane er registerets oppgåver over opningstid og kapasitet for alle hotell. I berekningane går ein ut frå at non-respondenter har same kapasitetsutnytting for senger og rom som respondentene innan same hotellgruppe (land-, by- og turist- og høgfjellshotell) og region. Med kunnskap om kapasitetsutnytting for senger og rom samt kapasitet for non-respondentene, kan ein berekne talet på overnattingar og selde rom.

Det er statistisk god samanhang mellom ein bedrifts del yrkesovernattinger og den overnattingspris som bedrifta oppnår i marknaden. Denne statistiske samanhangen er nytta for å berekne overnattingspris og losjiomsetning for bedrifter som ikkje har gitt oppgåve over omsetning.

Konfidensialitet

Ein offentleggjer ikkje tall dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen. Orsaka er fare for identifisering ved at talet kan føres tilbake til oppgåvegjevar. Særlig gjeld dette ved offentleggjering av tal på lågt geografisk nivå, f.eks. fylker i camping og hyttegrendstatistikken utanfor sommarsesongen. Ein løyser dette ved å undertrykkje desse tala i tabellen.

Samanlikningar over tid og stad

Ikkje relevant

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Generelt vil det kunne oppstå feil både under utfyllinga av skjemaet (oppgåvegjevar gjev feil svar) og i kodinga og registreringa av skjemaet til elektronisk medium (optisk lesing).

Ved utløpet av fristen ligg svarprosenten på om lag 60 prosent, medan han ved publisering ligg på rundt 90-95 prosent. Totale og partielle fråfall vert berekna maskinelt, sjå 3.6. Berekningar

Overnattingsstatistikkane er baserte på fullteljing for dei bedriftene som er større enn dei nemnde grensene, sjå punkt 3.3. Det er soleis ingen utvalsfeil.