102940_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/aar
102940
95 millionar kroner meir i tilskot frå kommunane
statistikk
2013-06-26T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

95 millionar kroner meir i tilskot frå kommunane

Kommunale tilskot til dei kyrkjelege fellesråda har auka gradvis dei siste åra. Tala for 2012 viser at kommunale tilskot vart på om lag 2,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 95 millionar kroner, eller 4 prosent, frå 2011. Sidan 2009 har kommunale tilskot auka med 341 millionar kroner.

Hovedtal for kyrkjelege fellesråd
Millionar kronerEndring i prosent
201220112011 - 2012
Tilskot frå eigen kommune2 4702 3754,0
Statlege tilskot267272-1,8
Løn og sosiale utgifter2 4702 3047,2
Kjøp av varer og tenester918928-1,1
Brutto driftsresultat175196-10,7
Netto driftsresultat153176-13,1
Investeringsutgifter570636-10,4
Driftsutgifter etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. Del i prosent

Brutto driftsresultat for dei kyrkjelege fellesråda vart i 2012 på 175 millionar kroner. Dette er ein nedgang på 21 millionar, eller 10,7 prosent, frå 2011. Driftsinntektene for fellesråda var om lag 4,2 milliardar kroner i 2012, mot knappe 3,9 milliardar året før. Dette er ein auke på om lag 294 millionar kroner. Driftsutgiftene var om lag 4 milliardar kroner, mot knapt 3,7 milliardar kroner i 2011.

59 prosent av driftsinntektene vert dekka av kommunale tilskot

Tilskot frå eigen kommune utgjorde den største inntektskjelda for dei kyrkjelege fellesråda. I 2012 ga kommunane noko meir enn 2,4 milliardar kroner til kyrkjelege fellesråd, mot i overkant av 2,3 milliardar kroner i 2011. Totale tilskot utgjorde om lag 59 prosent av inntektsgrunnlaget i 2012. Tilskot frå fellesråda og sokneråda auka frå 10 millionar i 2011 til 12 millionar kroner i 2012 og utgjorde om lag 0,3 prosent av inntektsgrunnlaget.

Statlege tilskot til dei kyrkjelege fellesråda har gått ned dei siste åra. Tala for 2012 viser at statlege tilskot vart på om lag 267 millionar kroner, mot 272 millionar kroner i 2011. Dei statlege tilskota utgjorde dermed 6,4 prosent av inntektsgrunnlaget i 2012.

Inntekter frå refusjonar og overføringar som også omfattar momskompensasjon, gjekk opp med 178 millionar frå 2011 til 2012 .

Andre tilskot, gåver og offer til fellesråda gjekk ned frå 72 millionar kroner i 2011 til 70 millionar kroner i 2012.

Størst utgifter til kyrkjebygg og lønn

I 2012 var driftsutgiftene til kyrkja knappe 1,4 milliardar kroner. Det er ein auke på 27 millionar kroner frå 2011. Mesteparten av driftsutgiftene til kyrkja er utgifter til løn, samt bygging, drift og vedlikehald av kyrkjebygga.

Utgiftene til løn for fellesråda har auka gradvis dei siste åra. I 2012 var utgiftene til løn på om lag 2,5 milliardar kroner, ein auke på 166 millionar kroner frå året før. Lønnsutgiftene utgjorde 62 prosent av dei totale driftsutgiftene i 2012, medan kjøp av varer og tenester utgjorde 23 prosent. driftsutgiftene.

Nedgang i investeringsutgiftene

Investeringane i bygg og anlegg utgjorde 570 millionar kroner i 2012, noko som er 66 millionar kroner mindre enn året før. Nedgangen har samanheng med lågare investeringsutgifter til kyrkjer og gravplassar. Investeringane til kyrkjene er den klart største utgifta og utgjorde 359 millionar kroner, eller 63 prosent, av dei totale investeringsutgiftene. 75 prosent av dei totale investeringsutgiftene vart finansiert ved refusjonar, tilskot, gåver og eigne middel. Bruken av lån til investeringar gjekk opp frå 102 millionar i 2011 til 144 millionar kroner i 2012, ein oppgang på 42 millionar kroner.

Nær 1 milliard i langsiktig gjeld

I 2012 utgjorde langsiktig gjeld 790 millionar kroner, mot 662 millionar kroner i 2011. Medan dei langsiktige låna auka med 128 millionar kroner frå 2011, gjekk den kortsiktige gjelda på same tid ned med 4 millionar kroner. Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på om lag 10 milliardar kroner i 2012. Det svarar til ein auke på om lag 6,3 prosent frå 2011.

21 fellesråd har ikkje levert rekneskapÅpne og lesLukk

For rekneskapsåret 2012 er det 21 fellesråd (inkludert sokneråd i kommunar med berre eit sokn) av 418 som ikkje har levert rekneskap. I variablane for driftsrekneskapet er det teke omsyn til dette ved at data for dei fellesråda som manglar, er estimerte på bakgrunn av innbyggjartal. Variablane frå investeringsregnskapet og balansen er baserte på dei rekneskapane som er innrapporterte.