53718_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/aar
53718
Brutto driftsresultat ned nesten 17 prosent [Retta 25. juli 2011]
statistikk
2011-07-22T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Brutto driftsresultat ned nesten 17 prosent [Retta 25. juli 2011]

Brutto driftsresultat for dei kyrkjelege fellesråda i 2010 vart på 139 millionar kroner. Dette er ein nedgang på 28 millionar, eller 17 prosent, frå 2009.

Retta 25. juli 2011 kl. 12.30

Det blei oppdaga feil i artikkelen, to av tabellane og to av figurane. Desse er no retta, og alt materialet blei lagt ut på nytt med nye tal 25. juli 2011.

Nye tal er også lagt i Statistikkbanken.

Driftsrekneskap

Dei kyrkjelege fellesråda hadde likevel tilfredsstillande økonomisk driftsresultat for 2010. Brutto driftsresultat tilsvarer 3,8 prosent av driftsinntektene det same året. Driftsinntektene auka med 3,9 prosent frå 2009, medan auken i driftsutgiftene var på 4,9 prosent.

Litt lågare driftsresultat

Driftsinntektene auka med 138 millionar kroner til 3 634 millionar kroner frå 2009 til 2010. Tilskot frå eigen kommune utgjorde 60 prosent av inntektsgrunnlaget, medan refusjonar og overføringar utgjorde meir enn 19 prosent. Inntekter frå brukarbetaling var omtrent 8 prosent. Samansetjinga av driftsinntektene har ikkje vore vesentleg endra sidan 2005.

Auken i driftsutgiftene var på 166 millionar kroner. Dermed steig driftsutgiftene i 2010 til 3 495 millionar kroner. Lønsutgiftene var den viktigaste utgiftsposten og stod for om lag 62 prosent av driftsutgiftene dette året. Lønsutgifter og kjøp av varer og tenester utgjorde til saman nærare 88 prosent av driftsbudsjettet.

Driftsutgifter etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd

Netto driftsresultat vart 122 millionar kroner i 2010, 31 millionar lågare enn i 2009.

Av driftsutgiftene vart 39 prosent nytta til drift av kyrkjer. Drift av gravstader og administrasjon utgjorde høvesvis 17 og 27 prosent. Dei resterande 17 prosent vart nytta til anna kyrkjeleg verksemd.

Liten endring i investeringar

Investeringane i bygg og anlegg utgjorde 685 millionar kroner i 2010, som er 40 millionar meir enn året før. Nær 78 prosent vart finansiert ved tilskot, gåver og eigne midlar, medan nye låneopptak finansierte omlag 22 prosent av bruttoinvesteringane. 72 prosent av investeringane var nytta til kyrkjer, medan 24 prosent var investert i gravstader.

Forvaltar meir kapital

Investeringar etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd

Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på om lag 8,4 milliardar kroner i 2010. Dette tilsvarer ein auke på nær 10 prosent frå 2009. Sidan 2005 har auken vore på 3,3 milliardar kroner.

Langsiktige lån auka med 98 millionar kroner frå 2009 og utgjorde i 2010 omkring 6,3 prosent av samla eigenkapital og gjeld.

Netto finans endra seg lite frå 2009 til 2010

For 2010 vart netto finans 17 millionar kroner minus, mot 14 millionar minus i 2009. Utbytte og renteinntekter var omtrent uendra, på om lag 25 millionar i 2010, mot 26 millionar i 2009.

Talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2010 er det 18 av om lag 420 fellesråd som ikkje har levert fullstendig driftsrekneskap. I talmaterialet er det teke omsyn til dette ved at data for desse fellesråda er berekna på bakgrunn av innbyggjartal.

Tala for bruttoinvesteringar i perioden frå 2005 til 2010 er endra frå og med publiseringa for 2008. Bruttoinvesteringar syner utelukkande investeringar i anleggsmiddel.

Tabeller: