19445_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
19445
Ein kilo om dagen ...
statistikk
2004-06-25T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ein kilo om dagen ...

... kasta kvar nordmann i 2003. I alt blei det samla inn 1,67 millionar tonn hushaldsavfall, og av dette blei 46 prosent sortert ut for gjenvinning. Gjennomsnittleg årsgebyr for renovasjonen er 1 774 kroner.

Det syner tal som er henta inn gjennom kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA).

Kvar nordmann kastar meir ...

Mengd hushaldsavfall. 1992-2003. Tonn og kilo per innbyggjar
  *I alt   *Utsortert i alt  
Heile landet I alt     Kg per innbyggjar     I alt     Kg per innbyggjar
19921 1 012 192  237 86 363 20
19951 1 173 643  269  212 689 49
19961 1 195 274  274  260 234 60
19971 1 259 333  287  365 898 83
1998 1 363 909  309  452 698  102
1999 1 396 674  314  524 156  118
2000 1 451 590  324  581 056  130
2001 1 506 715  335  668 393  148
2002 1 612 674  354  731 632  161
2003 1 670 602  365  764 347  167
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
Kjelde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Mengda hushaldsavfall har auka til 365 kg per innbyggjar. Dette er 11 kg meir enn i 2002, medan endringa frå 2001 til 2002 var på heile 19 kg. I alt blei det samla inn 1,67 millionar tonn hushaldsavfall i 2003. Avfallsmengda aukar meir enn vareforbruket i hushalda. Vareforbruket hadde ein auke i faste prisar på 19 prosent frå 1998 til 2003, medan mengda avfall auka 22,5 prosent på same tida. Sjå og: http://www.ssb.no/emner/09/01/nr/tab_1996-2003_02.html http://www.ssb.no/emner/09/01/nrmiljo/fig-2004-03-29-06.html

Kvar nordlending kasta om lag 280 kg søppel, medan folk frå Aust-Noreg kasta 398 kg kvar.

Østfold, Hedmark, Buskerud og Telemark hadde alle gjennomsnittsmengder over 400 kg per innbyggjar medan kvar innbyggjar i Troms berre leverte 268 kg.

... men sorteringa aukar ...

I alt 764 000 tonn, eller 46 prosent, av alt hushaldsavfallet blei sortert ut for gjenvinning i 2003. I alt var dette ein auke på 1 prosentpoeng i utsorteringsgrad frå året før. Kvar nordmann sorterte ut 167 kg mot 161 kg i 2002. Det svarer til nær 4 prosent auke. Hedmark og Nord-Trøndelag kom best ut med 67 og 60 prosent utsortering.

I om lag 170 kommunar blei meir enn halvparten av avfallet sortert ut til gjenvinning, medan det i 11 kommunar blei sortert ut mindre enn 10 prosent. Best i landet til å sortere avfall var kommunane Hamar, Ringsaker, Løten og Stange i Hedmark, med 76 prosent. Alle er med i same interkommunale avfallselskap.

og meir går til forbrenning

Etter eit år med auke i avfall sendt til deponi, har det igjen vore ein nedgang for 2003 med 27 000 tonn sidan 2002. Om lag 357 000 tonn hushaldsavfall gjekk på fyllinga.

Sjølv om Finnmark har størst nedgang i delen av avfallet som blei sendt til fylling, frå 85 prosent i 2002 til 58 prosent i 2003, har dei framleis størst del til deponi i landet. I 2003 gjekk om lag 544 000 tonn hushaldsavfall til forbrenning, ein auke på 10 prosent sidan 2002.

Handtering av hushaldsavfall. 1998-2003

I 1999 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 73 prosent. Dersom utnyttingsgraden var den same i 2003, blei 397 000 tonn restavfall frå hushalda energiutnytta i 2003. Det tyder at 70 prosent av hushaldsavfallet blei utnytta anten til materialgjenvinning eller brent med energiutnytting, mot 68 prosent året før. 30 prosent av avfallet blei slutthandsama. I desse utrekningane er det ikkje teke med at ein del av det utsorterte avfallet etter gjenvinningsprosessen hamnar på deponi eller blir brent. Den verkelege delen som blir gjenvunne er difor noko lågare. Målet er 25 prosent slutthandsaming innan 2010, det vil seie minst 75 prosent utnytta eller gjenvunne, men ein skal vere merksam på at målet gjeld for alt avfall, og ikkje spesielt for hushaldsavfall.

Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Skilnadene i totalmengd mellom kommunane er vanskeleg å forklare. Levesettet til folk, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert, kan påverke tala. Når det gjeld variasjon i mengdene som blir sortert ut for gjenvinning og satsing på slike ordningar, kan ulike transportavstandar til gjenvinningsbedrifter vere ein av forklaringane.

Fleire får henta matavfall heime

Alle kommunar har tilbod om innlevering av utsortert avfall. Papir og våtorganisk avfall (matavfall) er dei vanlegaste fraksjonane som blir henta. I alt har 382 kommunar henteordning for papir og 325 for våtorganisk. For våtorganisk er dette ein auke på 18 kommunar.

I alt 356 kommunar hadde tilbod om gratis levering av ein eller fleire sorterte fraksjonar på sentrale gjenvinningsstasjonar i 2003. Betaling for slike ordningar blei dekka av den ordinære renovasjonsavgifta. For nokre kommunar blei alt hushaldsavfallet levert samla til eit sentralsorteringsanlegg som sorterer ut dei einskilde fraksjonane.

Låg kostnadsdekning for avfallstenesta

Store delar av avfallstenesta i kommune-Noreg blir utført av einingar utanfor kommunen, anten interkommunale selskap, kommunale aksjeselskap eller private selskap. I dei fleste høve er det likevel kommunane som står for innkrevjinga av gebyr. Difor gjev kommunerekneskapane god oversikt over utgiftene og inntektene knytt til handsaming av hushaldsavfallet i landet.

Årskostnader per tonn hushaldsavfall. Kommune. 2003

I alt kosta handsaming av forbruksavfall kommunane 3 271 millionar kroner i 2003, medan dei tok inn 2 988 millionar kroner i gebyrinntekter. 91 prosent av kostnadene i samband med tenesta vart dermed dekt av gebyr. Årsgebyr for hushaldsavfall ligg i snitt for 2004 på 1 774 kroner.

I snitt var årskostnadene per tonn hushaldsavfall samla inn, på 1 958 kroner, som var 5 prosent auke frå året før. Kartet viser korleis denne kostnaden varierer mellom kommunane. (Tilsvarande kart kan bli laga for alle nøkkeltal som er publiserte i KOSTRA, ved hjelp av programvaren PX-Map som ein kan lasta ned gratis). Kommunar med kvit farge har ikkje levert data.

Ettersom kommunane i stor grad kjøper avfallstenester eksternt, investerer dei lite sjølve i kommunal avfallshandsaming. I 2003 var dei totale investeringane for landet på 91 millionar kroner, det vil seie 20 kroner per innbyggjar. Dette er nesten ei halvering frå året før (46 prosent nedgang). Det blei investert 31 millionar kroner i avfallsanlegg og 60 millionar kroner i innsamlingsleddet.

For meir informasjon om kommunane: KOSTRA: I. Vann, avløp og renovasjon/avfall - nivå 2

Tabeller: