19447_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
19447
Avfallsmengda aukar meir enn før
statistikk
2003-06-19T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Avfallsmengda aukar meir enn før

Søppelmengda frå hushalda auka med heile 7 prosent frå 2001 til 2002. Dette er ein større auke enn det som har vore trenden siste tiåret, året før var auken 3,4 prosent. Kvar nordmann kastar no i snitt 354 kilo avfall i året. 393 kommunar har henteordning for papir og 307 kommunar for våtorganisk avfall. Hamar, Ringsaker, Løten og Stange i Hedmark er best på sortering av hushaldsavfall.

Kvar nordmann kastar meir....

I fjor hadde mengda hushaldsavfall auka til 354 kg per innbyggjar i året. Dette er 19 kg meir enn i 2001, medan auken frå 2000 til 2001 var på 11 kg. Kvar nordlending kasta om lag 270 kg søppel, medan folk frå Trøndelag og sørover 364 kg kvar. I alt blei det samla inn 1,6 millionar tonn hushaldsavfall i 2002. Østfold hadde største gjennomsnittet med 416 kg per innbyggjar medan kvar innbyggjar i Troms berre leverte 262 kg.

...men liten auke i sortering.....

I alt 732 000 tonn eller 45 prosent av alt hushaldsavfallet blei sortert ut for gjenvinning i 2002. Dette er ein auke på berre 1 prosentpoeng i utsorteringsgrad frå året før. 161 kg blei utsortert frå kvar nordmann, mot 148 kg i 2001. Hedmark og Nord-Trøndelag kom best ut med 68 og 65 prosent utsortering.

Om lag 20 kommunar sorterar ut meir enn 70 prosent av avfallet sitt til gjenvinning, medan 12 kommunar sorterer ut mindre enn 10 prosent. Best i landet til å sortere avfall er kommunane Hamar, Ringsaker, Løten og Stange i Hedmark, med 78 prosent. Alle er med i same interkommunale avfallselskap.

og meir går til forbrenning

Etter fleire år med nedgang i avfall sendt til deponi (på søppelfyllinga), har det vore ein liten auke for 2002 med 1 856 tonn sidan 2001. Om lag 384 000 tonn gjekk på fyllinga.

85 prosent av alt hushaldsavfallet i Finnmark blei sendt til fyllinga, medan ingenting blei rapportert deponert frå Oslo. I 2002 gjekk om lag 492 000 tonn hushaldsavfall til forbrenning, ein auke på 11 prosent sidan 2001.

Handtering av hushaldsavfall. 1998-2002

I 1999 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 73 prosent. Dersom utnyttingsgraden var den same i 2002, blei 359 000 tonn restavfall frå hushalda energiutnytta i 2002. Det tyder at 68 prosent av hushaldsavfallet blei utnytta anten til materialgjenvinning eller brent med energiutnytting, mot 66 prosent året før. 32 prosent av avfallet blei slutthandsama. I desse utrekningane er det ikkje teke med at ein del av det utsorterte avfallet blir forkasta i gjenvinningsprosessen og hamnar på deponi eller blir brent. Den verklege delen som blir gjenvunne er difor noko lågare. Målet er 25 prosent slutthandsaming innan 2010, det vil seie minst 75 prosent utnytta eller gjenvunne, men ein skal vere merksam på at målet gjeld for alt avfall, og ikkje spesielt for hushaldsavfall.

Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigert for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Skilnadene i totalmengda mellom kommunane er vanskeleg å forklåre. Levesettet til folk, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert kan påverke tala. Når det gjeld variasjon i mengdene som blir sortert ut for gjenvinning og satsing på slike ordningar, kan transportavstandar til gjenvinningsbedrifter vere ein av forklaringane.

Fleire får levere grovavfall gratis....

Alle kommunar har tilbod om innlevering av utsortert avfall. Papir og våtorganisk avfall er dei vanlegaste fraksjonane som blir henta. I alt har 393 kommunar henteordning for papir og 307 kommunar for våtorganisk. For papir er dette ein auke på åtte kommunar sidan året før, for våtorganisk er talet uendra. Spesialavfall blei henta ved heimen i 64 kommunar i 2002, mot 54 i 2001. Til saman hadde 425 av landets 434 kommunar ei eller anna ordning for innsamling av spesialavfall frå hushalda i 2002.

Dei store endringane siste året i det kommunale tilbodet har skjedd i form av sentrale mottak for hushaldsavfall: 403 kommunar tilbaud gratis levering av ein eller fleire sorterte fraksjonar på sentrale gjenvinningsstasjonar i 2002, mot 299 i 2001. Betaling for slike ordningar blei dekt av den ordinære renovasjonsavgifta. Det er òg auke i kommunar med sentrale gjenvinningsstasjonar der ein krev inn gebyr ved levering, 262 for 2002, mot 187 for 2001 For nokre kommunar blei alt hushaldsavfallet levert samla til eit sentralsorteringsanlegg som sorterer ut dei einskilde fraksjonane.

Låg kostnadsdekning for avfallstenesta

Store delar av avfallstenesta i kommune-Noreg blir utført av einingar utanfor kommunen, anten interkommunale selskap, kommunale aksjeselskap eller private selskap. I dei fleste høve er det likevel kommunane som står for innkrevjinga av gebyr. Difor gjev kommunerekneskapane god oversikt over utgiftene og inntektene knytt til handsaming av forbruksavfall i landet.

Årskostnader per tonn hushaldsavfall. Kommune. 2002

I alt kosta handsaming av forbruksavfall kommunane 3 011 millionar kroner i 2002, medan dei tok inn 2 761 millionar kroner i gebyrinntekter. 92 prosent av kostnadene i samband med tenesta vart dermed dekt av gebyr. Årsgebyr for hushaldsavfall ligg i snitt for 2003 på 1 718 kroner. I snitt var årskostnadene per tonn hushaldsavfall samla inn på 1 867 kronar. Kartet viser korleis denne kostnaden varierer mellom kommunane. (Tilsvarande kart kan lagast for alle nøkkeltal som er publisert i KOSTRA, ved hjelp av programvaren PX-Map som kan lastast ned gratis). Kommunar med kvit farge har ikkje levert data.

Forureiningslova pålegg kommunane full kostnadsdekning for avfallstenesta. Det er dei som forureinar, det vil seie hushald og andre abonnentar tilknytt kommunal renovasjon, som skal betale heile kostnaden, men heller ikkje meir. Tilhøvet mellom gebyrinntekter og gebyrgrunnlag blir kalla finansiell dekningsgrad. I 2002 var den gjennomsnittlege finansielle dekningsgraden per kommune på 83 prosent. På grunn av svingingar i kostnadene frå år til år kan ein ikkje vente at den finansielle dekningsgraden blir 100 prosent kvart år. Samstundes er det truleg andre årsaker enn berre årssvingingar som gjer at den gjennomsnittlege finansielle dekningsgraden var så låg i 2002. Det ser ut til at det framleis er ein del kommunar som ikkje dekkjer inn alle kostnadsledda forbunde med å produsere tenesta.

Ettersom kommunane i stor grad kjøper avfallstenester eksternt, investerer dei lite sjølve i kommunal avfallshandsaming. I 2002 var dei totale investeringane for landet på 170 millionar kroner, det vil seie 37 kroner per innbyggjar. Det blei investert 112 millionar kroner i avfallsanlegg og 58 millionar kroner i innsamlingsleddet.

Mengd hushaldsavfall. 1992-2002. Tonn og kilo per
innbyggjar
Heile landet I alt Utsortert i alt
I alt Kg per innbyggjar I alt Kg per innbyggjar
19921 1 012 192  237             86 363 20
19951 1 173 643  269  212 689 49
19961 1 195 274  274  260 234 60
19971 1 259 333  287  365 898 83
1998 1 363 909  309  452 698  102
1999 1 396 674  314  524 156  118
2000 1 451 590  324  581 056  130
2001 1 506 715  335  668 393  148
2002 1 612 674  354  731 632  161
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
Kjelde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Tabeller: