84075_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/arkiv
84075
Auka bustadtettleik i sentra
statistikk
2012-09-13T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner1. januar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka bustadtettleik i sentra

Arealet av sentra i tettstader er om lag uendra dei tre siste åra, medan talet på busette har auka heile perioden frå 2007 til 2012. Auken i busette skjer dermed på grunnlag av fortetting. Talet på tilsette i dei same områda har gått svakt ned dei siste fire åra.

Areal, tilsette og busette i sentrumssoner. 2007-2012

Folk vel i stadig aukande grad å bu urbant. Det er òg eit politisk ønske å nytte tettstadarealet så godt som råd for å minke presset på omkringliggjande areal, og samstundes leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.

Auke i tettleik

Etter at det har vorte færre arbeidsplassar i sentra dei to føregåande åra, syner siste året ein svak auke. Det er om lag dobbelt så mange tilsette som busette i sentra.

Det bur nær 4 000 innbyggarar per kvadratkilometeri sentra, og dette er ein auke på nesten 3 prosent siste året. Dei siste fem åra har auken vore 15 prosent for heile perioden, medan tettleiken av tilsette har auka med 1 prosent.

Det har vorte opp mot 7 prosent fleire busette i heile landet dei siste fem åra, samstundes har det vore ein auke på 22 prosent i sentra.

Omgrepet sentrum

Sentrum i denne samanheng omfattar så vel hovudsentrum som andre sentra i byen (lokalsentra). Lokalsentra er viktige element i ein miljøvenleg bystruktur, både med tanke på lokale tilbod og for å redusere transportbehovet. Lokalsentra skal også avlaste bykjernen med ulike tenestetilbod.

 

Kjøpesentra som i dei siste tiåra har vakse fram i utkanten av byane, har konkurrert med dei tradisjonelle bysentra. Kjøpesentra gir ofte tilbod som bysentra har vanskeleg for å møte, mellom anna gode høve til parkering.

 

Eit fullgodt senter skal fylle eit mangfald av funksjonar. Vi har difor kravd at sentra i denne statistikken skal ha eit visst innslag av offentleg verksemd, helsetenester og sosiale tenester og liknande. Sjå ”Om statistikken”  for meir informasjon . Einsidige kjøpesentra utan offentleg tilbod av noko slag er av same grunn ikkje med i statistikken.

 

Høge busetnadskonsentrasjonar er ein indikator for effektiv utnytting av areala, og høg busetnad i sentra gir mindre energikrevjande daglege transportbehov. På andre sida kan tett busetnad vere ein indikasjon på mellom anna tronge og støyutsette butilhøve, lite grøne areal og press på dei rekreasjonsareala som finst. Det er ikkje etablert nasjonale mål for kor tett sentrumsareala skal nyttast.

Areal, tilsette og busette per kvadratkilometer sentrumssone, etter tettstadstorleik. 2012

Tettare i dei store tettstadene

Det er fleire tilsette enn busette per kvadratkilometer for alle storleiksklassar av tettstader. Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. I storbyane er det nær seks gonger så mange tilsette og busette per kvadratkilometer som i bygdesentra. Berre sentra i dei aller største tettstadene har hatt vekst både i areal, busette og tilsette frå 2007 til 2012. Tettleiken av busette har auka i alle tettstadklassene, medan tettleiken av tilsette berre har auka i tettstader med mellom 20 000 og 100 000 busette.

Det er ikkje gitt at gruppene inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i andre grupper.

 

Nye statistikkbanktabellar

Det er i år laga nye statistikktabellar for to miljøindikatorar. Indikatorane gjeld detaljvareomsetnaden i hovudsentra og tettstad som del av detaljvareomsetnaden i kommunen. Om meir varehandel skjer i sentrale og konsentrert busette område og ikkje i spreitt utbygde strok og hjå kjøpesenter utanfor busette strok, så vil det kunne føre til mindre transport og utslepp. Statistikken er utarbeidd for dei kommunane som har god nok kvalitet i datagrunnlaget.

Om datakvaliteten

Det at ikkje alle verksemdene er stadfesta med koordinat fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokalisert kan endre seg over tid. Utviklingstrekka må difor tolkast med varsemd. Sjå eigen tabell i statistikkbanken for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.