10487_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/arkiv
10487
Sentra veks og blir samstundes tettare
statistikk
2009-12-01T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sentra veks og blir samstundes tettare

Det siste året har talet på både busette og tilsette i bysentra auka, det same har arealet som sentra nyttar. Voksteren i tilsette og busette har vore større enn voksteren i arealet. Dette har ført til at graden av utnytting i dei avgrensa sentrumssonene har auka.

Folk vel i stadig aukande grad å bu urbant. Det er òg eit politisk ønske å nytte tettstadarealet så godt som råd er for å minske presset på arealet i nærleiken. Samstundes ønskjer ein å leggje til rette for at folk kan reise mellom bustaden, arbeidet og det dei treng av tenester på ein slik måte at transportmengda vert redusert.

Veks jamt

I Noreg budde nær 550 000 personar i dei mest sentrale delane av byar og tettstader ved byrjinga av 2009, og desse sentrumssonene har hatt ein jamn tilvokster dei seinare åra. I overkant av 11 prosent av det norske folk bur i dag i sentra, og voksteren her er klårt sterkast. Frå 2003 til 2009 auka talet på busette i sentrumssoner med 27 prosent, medan folketalet voks med nær 8 prosent i tettstader i same perioden. I desse åra voks innbyggjartalet i heile landet med i overkant av 5 prosent.

Det har òg vorte fleire tilsette i sentrumssonene enn det var i 2003, men voksteren har vore større i talet på busette. Arealet av sentra har rett nok auka, men ikkje så mykje som talet på busette og tilsette. Effektiviteten i arealbruken av dei sentrale områda har dermed auka.

Areal, tilsette og busette i sentrumssoner. 2003-2009

Areal, tilsette og busette per kvadratkilometer sentrumssone etter tettstadstorleik. 2009 og endring 2003-2009. Hektar, tal per km2 og prosent

Nær 3 900 per kvadratkilometer

Det er i dag 3 875 busette per km2 innanfor sentrumssoner, ein auke på snautt 3 prosent siste året. Tettleiken i tettstadene utanfor sentrumssoner er 1 470 busette per km2, medan tettleiken i heile landet utanfor tettstadene berre er om lag 3 busette per km2.

Senter av mange slag

Sentrum omfattar i denne samanhangen så vel hovudsentrum som andre sentra i byen, mellom anna bydelssentra og lokalsentra. Lokalsentra er viktige element i ein miljøvenleg bystruktur, både med tanke på lokale tilbod og for å redusere behovet for transport. Lokale sentra skal dessutan avlaste bykjernen med ulike tenestetilbod.

Kjøpesentra som i dei siste tiåra har vakse fram i utkanten av byane, har konkurrert med det tradisjonelle bysentret. Kjøpesentra gir ofte tilbod som bysentra har vanskeleg for å møte, mellom anna god parkering. Einsidige kjøpesentra utan offentleg tilbod av noko slag er ikkje med i statistikken.

Høge busetnadskonsentrasjonar er ein indikator for effektiv utnytting av areala, og høg busetnad i sentra inneber at den daglege transporten krev mindre energi.

På andre sida kan tett busetnad vere ein indikasjon på mellom anna tronge og støyutsette butilhøve, lite grøne areal og press på dei rekreasjonsareala som finst. Det er ikkje etablert nasjonale mål for kor tett sentrumsareala skal nyttast.

Meir om utviklinga og grupperinga

Det er fleire tilsette enn busette per km2 for alle storleiksklassar. Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. I storbyane er det nær 4 gonger så mange tilsette og 6 gonger så mange busette per km2 som i bygdesentra. Voksteren i sentra har vore like sterk i dei små tettstadene som i dei store byane frå 2003 til 2009. I tettstader med 20 000 til 99 999 busette var voksteren i areal svakast. Tettleiken av busette har vakse svakast i storbyane, og tettleiken av tilsette har her jamvel gått noko ned. Det er ikkje gitt at gruppene inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i gruppene lenger oppe. Fredrikstad/Sarpsborg har til dømes kome opp i gruppa med minst 100 000 busette i denne perioden.

Uvisse i talgrunnlaget

Ikkje alle bedrifter er stadfesta med koordinat, noko som fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokaliserte, kan endre seg over tid. Ein må difor vere varsam når ein tolkar desse tala.

Digitale grensedata for sentrumssoner per 1. januar 2009 kan ein laste ned her.

Tabeller: