10489_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/arkiv
10489
Tettleiken aukar mest i sentra
statistikk
2008-06-20T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Tettleiken aukar mest i sentra

Det siste året har talet på både busette og tilsette i by- og bygdesentra auka, medan arealet har minka. Dette har ført til at tettleiken i dei avgrensa sentrumssonene har auka. Veksten i busetnaden er mykje større enn veksten i arbeidsplassar.

I Noreg budde i overkant av 515 000 personar i by- og tettstadsentra ved byrjinga av 2008, og desse sentrumssonene har hatt ein jamn tilvekst dei seinare åra. Bortimot 11 prosent av det norske folk bur i dag i sentra. Frå 2003 til 2008 auka talet på busette i sentrumssoner med 20 prosent, medan folketalet vaks med 6 prosent i tettstader og 4 prosent i heile landet i den same perioden.

Talet på busette auka meir enn arealet, og det har dermed vorte fleire busette per kvadratkilometer sentrumssone enn i 2003. Også talet på tilsette og bedrifter har auka frå 2003 til 2008, men ikkje så mykje som sentrumsarealet og dimed har tettleiken gått noko ned. Siste året har det vore ein nedgang i arealet av sentrumssonene, og dermed har også tettleiken målt som tilsette per areal sentrum auka. Det er hovudsakleg bortfall av småsentra som er skuld i arealendringane.

Talet på areal, tilsette, bedrifter og busette i sentrumssoner. 2008 og endring 2003-2008. Talet på einingane og prosent

Det er i dag 3 778 busette pr kvadratkilometer innafor sentrumssoner. Tettleiken i tettstadene utanfor sentrumssoner er 1 459 busette per kvadratkilometer, medan tettleiken i heile landet utanfor tettstadene er berre om lag 3 busette per kvadratkilometer.

Sentrum i denne samanhang omfattar så vel hovudsentrum som andre sentra i byen, bl.a. bydelssentra og lokalsentra. Lokalsentra er viktige element i ein miljøvenleg bystruktur, både med tanke på lokale tilbod og for å redusere transportbehovet. Desse skal også avlaste bykjernen med ulike tenestetilbod.

Kjøpesentra som i dei siste tiåra har vekse fram i utkanten av byane, har konkurrert med det tradisjonelle bysenteret. Kjøpesentra gir ofte tilbod som bysentra har vanskeleg for å møte, mellom anna god parkering.

Høge busetnadskonsentrasjonar er ein indikator for effektiv utnytting av areala, og høg busetnad i sentra gir mindre energikrevjande daglege transportbehov. På andre sida kan tett busetnad vere ein indikasjon på mellom anna tronge og støyutsette butilhøve, lite grøne areal og press på dei rekreasjonsareala som finst. Det er ikkje etablert nasjonale mål for kor tett sentrumsareala skal nyttast.

Tilsette i varehandel og busette per kvadratkilometer sentrumssone, etter tettstadstorleik. 2008 og endring 2003-2008. Tal per kvadratkilometer og prosent

Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. Det er fleire tilsette enn busette per kvadratkilometer for alle storleiksklassar. Det har vorte lågare tettleik av tilsette i dei fleste storleiksklassane av di arealet har auka meir. Tettleiken av busette har auka i dei fleste klassane med unnatak av dei aller minste tettstadene. Den største fortettinga av busette i sentra har skjedd i den nest største storleiksklassa. Elles har tettleiken auka mest der den frå før er størst.

Tala er framleis litt usikre

Ikkje alle bedrifter er stadfesta med koordinat, og det fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokaliserte, kan endre seg over tid. Tala må difor tolkast med varsemd. Sjå vedleggstabell for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.

Digitale grensedata for sentrumssoner per 1. januar 2008 kan lastast ned her. http://www.ssb.no/emner/01/01/20/tettstedkart/main.html .

Tabeller: