10491_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/arkiv
10491
Auka aktivitet i sentrum
statistikk
2007-06-15T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka aktivitet i sentrum

Talet på busette i by- og tettstadssentra har i alt hatt ein auke dei siste åra, noko som har ført til litt fleire busette per kvadratkilometer (km2) sentrumsareal. Talet på tilsette i desse sentrumssonene held fram med å auke, men utviding av sentrumsareala fører til at tilsette per km2 sentrumsareal har gått noko ned.

Tilsette og busette per km2 sentrumssone, etter tettstadstorleik. 2007 og endring 2003-2007. Tal per km2 og prosent

Talet på sentrumssoner, areal, tilsette, bedrifter og busette i sentrumssoner. 2007 og endring 2003-2007

I Noreg budde i overkant av 511 000 personar i by- og tettstadssentra ved inngangen til 2007, og desse sentrumssonene har hatt ein jamn tilvekst dei seinare åra. Bortimot 11 prosent av det norske folk bur i dag i sentrumssoner. Frå 2003 til 2007 auka talet på busette i sentrumssoner med 19 prosent, medan folketalet voks med 4 prosent i tettstader og 3 prosent i heile landet i same perioden.

Større auke i busette enn i areal

Talet på busette auka meir enn auken i areal og det har dermed vorte fleire busette per km2 sentrumssone enn i 2003. Også talet på tilsette og på bedrifter har auka frå 2003 til 2007, men ikkje så mykje som sentrumsarealet og derfor har tettleiken gått noko ned.

Det er i dag 3 687 busette pr km2 innanfor sentrumssoner. Utanfor sentrumssonene, men innanfor tettstadene, er tettleiken mykje lågare med 1 459 busette per km2, og utanfor tettstader med berre 3 busette per km2.

Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. Det er fleire tilsette enn busette per km2 for alle storleiksklassar. Det har vorte lågare tettleik av tilsette i dei fleste storleiksklassane av di arealet har auka meir. Butettleiken har auka i dei fleste klassane med unnatak av dei minste tettstadene.

Sentrum sin del av varehandelomsetnaden i kommunen. 2003 og 2006. Prosent

Delen av omsetnaden som skjer i sentrum

70 prosent av omsetnaden i varehandelen gjekk føre seg i sentra i 2006 for alle sentra i heile landet. For dei ti største kommunane varierer delen av omsetnaden som skjer i sentrumssonene frå noko over 50 til 84 prosent i 2006. Oslo har størst del, medan Fredrikstad har lågast del av omsetnaden i sentra. I nær halvparten av kommunane har det vore nedgang i delen som skjer i sentrumssonene.

Ikkje alle bedrifter er stadfesta med koordinat, noko som fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Endringar i delen bedrifter som er stadfesta kan endre seg over tid. Tal for omsetnad i sentrumssoner må tolkast med varsemd. Sjå vedleggstabell for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.

Sentrum i denne samanheng omfattar så vel hovudsentrum som andre sentra i byen, blant anna bydelssentra og lokalsentra. Lokalsentra er viktige element i ein miljøvenleg bystruktur, både med tanke på lokale tilbod og for å redusere transportbehovet. Desse skal òg avlaste bykjernen med ulike tenestetilbod. Sentrum sin del av varehandelen i kommunen er ein indikator for kor miljøvenleg ein by er.

Kjøpesentra som i dei siste tiåra har vakse fram i utkanten av byane, har konkurrert med det tradisjonelle bysenteret. Kjøpesentra gir ofte tilbod som bysenteret har vanskeleg for å møte, mellom anna god parkering.

Høge busetnadskonsentrasjonar er ein indikator for effektiv utnytting av areala, og høg busetnad i sentra gir mindre energikrevjande daglege transportbehov. På andre sida kan tett busetnad vere ein indikasjon på mellom anna tronge butilhøve, lite grøne areal og press på dei rekreasjonsareala som finst. Det er ikkje etablert nasjonale mål for kor tett sentrumsareala skal nyttast.

Digitale grensedata for sentrumssoner per 1. januar 2007 kan lastast ned her.

Tabeller: