10493_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/arkiv
10493
Uendra tettleik i sentra
statistikk
2006-07-12T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra tettleik i sentra

Det har vore ein svak auke i talet på tilsette og busette i sentrumssoner dei siste par åra, men auke i areal gjer at tettleiken er nær uendra. Det er i dei største tettstadene at tettleiken av busette og tilsette er størst.

I bymiljøpolitikken (jf. stortingsmelding nr 23 (2001-2002): Betre miljø i byer og tettstader), ønskjer regjeringa å utvikle byer og tettstader som gir miljøvenleg og effektiv transportavvikling, og som bidreg til helsefremjande transportval, forbruksmønster og livsstil i befolkninga. Dette går ifølgje meldinga mellom anna ut på meir konsentrerte by- og tettstadsstrukturar. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at busettetettleiken i sentra har vore om lag uendra dei siste åra, fordi både tettstadene og sentrumssonene deira veks.

Høg busettetettleik

Konsentrerte byar og tettstader kan redusere voksteren i transportbehovet for næringsliv og folk, og betre tilgjenget til målpunkt for alle som ikkje har eller ønskjer å bruke bil. Meir konsentrerte bystrukturar fører også til mindre press på bymarker, attraktive friluftsområde, jordbruksareal, kulturmiljø og det biologiske mangfaldet.

I sentrale by- og tettstadsområde bør ein, ifølgje storingsmeldinga frå 2002, unngå å byggje på grøne areal, men heller gjenbruke grå areal, det vil seie areal som allereie er nedbygde, til dømes med vegar, parkering eller bygg som ikkje er i bruk, og som kan brukast på nye måtar.

Høge busetnadskonsentrasjonar er ein indikator for effektiv nytting av areala, og høg busetnad i sentra gir mindre energikrevjande transportbehov. På den andre sida kan tett busetnad vere ein indikasjon på mellom anna tronge butilhøve, lite grøne areal og press på dei rekreasjonsareala som finst.

Tilsette i varehandel og busette per kvadratkilometer sentrumssone, etter tettstadstorleik. 2006

Tilsette i varehandel og busette per kvadratkilometer sentrumssone. 2003-2006

Om lag 10 prosent av dei busette bur i sentrumssoner, ein svak auke frå tidlegare år. Det er litt over 3 600 busette per kvadratkilometer i sentrumssonene, medan det i tettstadene i snitt bur om lag 1 600 per kvadratkilometer. Sentrumsbuarane bur dermed over dobbelt så tett som dei tettstadbusette. Tilsette i varehandel per kvadratkilometer sentrumssone viser små endringar over tid, landet sett under eitt, men ein kan likevel observere ein svak nedgang dei siste to åra.

Det er i dei største tettstadene at tettleiken er størst i høve til busette og tilsette. Sett i høve til tettstadsstorleik minkar tettleiken i sentrumssonene meir enn tettleiken i tettstaden. Tettleiken av tilsette er også størst i dei store tettstadene, der tettleiken er nesten like høg som for busette. For tettstader med mindre enn 100 000 busette er det om lag dobbelt så høg tettleik tilsette som busette.

Svak auke i busette og tilsette

Dei siste to åra er det registrert ein svak auke i areal, busette og tilsette i sentra. Mesteparten av sentrumssonene er i tettstader med 20 000 busette eller meir og størstedelen av voksteren har skjedd i desse tettstadene.

Resultatet av den landsdekkjande kartlegginga av sentra er at 648 av dei 656 sentrumssonene er samla i berre 238 av dei i alt 905 tettstadene som er avgrensa per 1. januar 2006. Samla sentrumsareal er 128,15 km2 eller snautt 6 prosent av totalt areal i tettstadene. For dei resterande 667 tettstadene, som alle er små rekna etter talet på busette, er det ikkje mogleg å lokalisere særskilde sentrumssoner med dei kriteria som er lagde til grunn for statistikken. (Åtte sentrumssoner ligg utanfor tettstader.)

Sjølv om talet på sentrumssoner har gått ein del opp og ned sidan 2000, har areal og tal på busette halde seg nokså likt. Bedriftsetableringar og -nedleggingar gjer at små sentra kan bli danna eit år og forsvinne det neste, men dette har liten innverknad på sum av areal og busette.

Tal , areal, tilsette og busette i sentrumssoner. 2003-2006

Viktige omgrep: SSB sin sentrumsdefinisjon

1. Eit sentrum er eit område sett saman av ein eller fleire sentrumskjernar og ei sone på 100 meter i kring.

2. Ein sentrumskjerne er eit område med meir enn tre ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse- og sosialtenester eller annan sosial og personleg service vere representert. Avstanden mellom bedriftene skal ikkje vere meir enn 50 meter.

Ikkje alle bedrifter er stadfesta med koordinat, noko som fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Sjå vedleggstabell for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.

Digitale grensedata for sentrumssoner per 1. januar 2006 kan ein laste ned .

Tabeller: