10495_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/arkiv
10495
Få barn bur i sentra
statistikk
2005-08-11T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner1. januar 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Få barn bur i sentra

Få barn bur i sentra samanlikna med andre stader i landet. Nær kvar tredje tilsett arbeider i sentra, medan berre ein av ti bur der. Samstundes er det ein jamn auke i talet på busette i sentra, og dei bur stadig tettare.

Meir enn kvar fjerde busette i tettstader og spreiddbygde strok er under 20 år. I sentra er berre 15,5 prosent av dei busette barn og unge (sjå figur 1). Til gjengjeld er delen av busette i arbeidsdyktig alder, mellom 20 og 66 år, høgare i sentra enn andre stader. 696 275 tilsette arbeider i sentra. Av desse arbeider 340 712, eller nær halvparten, i dei ti største bysentra. Sentra vert difor også ofte omtala som motorar i økonomien. 105 sentra har 1 000 eller fleire tilsette og 563 434 tilsette i sum.

Busette etter alder i sentra, tettstader og spreiddbygde strok. 1. januar 2005. Prosent

Talet på sentrumssoner, areal og busette. 2000-2005

Sentra var stabile i fjor

Etter at det forsvann mange småsentra i 2003, ser det ut til at sentra har vorte meir stabile. Medan det netto forsvann 90 sentra i forfjor, blei det danna fire netto nye i 2004. Figur 2 visar at sjølv om talet på sentrumssoner har gått ein del opp og ned har arealet og talet på busette halde seg nokså likt. Dette kjem av at det er dei minste sentra som blir danna og forsvinn, og som ikkje har stor innverknad på sum av areal og busette. I 338 av dei minste sentra etter folketal bur det færre enn 200 personar.

Resultatet av den landsdekkjande kartlegginga av sentra er at ein finn ein eller fleire sentrumssoner berre i 225 av dei i alt 909 tettstadene som er avgrensa per 1. januar 2005. Samla sentrumsareal er 118,79 km2 eller ein 20-del av totalt areal i tettstadene. For dei resterande 684 tettstadene, som alle er små rekna etter talet på busette, er det ikkje mogleg å lokalisere særskilde sentrumssoner med dei kriteria som er lagt til grunn for statistikken.

Tilsette og busette per km2. 2005

Bur fleire gongar så tett

Per 1. januar i år budde 433 920 personar i sentrumssonene. Under 10 prosent av dei busette bur i sentra. Til gjengjeld bur dei dobbelt så tett. I tettstader bur det i snitt om lag 1 600 innbyggjarar per kvadratkilometer, medan folk særskilt i dei mest folkerike kommunane bur langt tettare. I Oslo kommune bur det til dømes nær 8 000 per kvadratkilometer i sentrumsområda. Figur 3 syner at skilnaden mellom dei fem folkerikaste kommunane er stor. I Oslo er det nær like mange busette som tilsette i sentra i tettstad med meir enn 100 000 innbyggjarar. For dei andre kommunesentra er konsentrasjonen av busette langt lågare, medan konsentrasjonen av tilsette synest å vere meir lik.

Viktige omgrep: SSB sin sentrumsdefinisjon

1. Eit sentrum er eit område sett saman av ein eller fleire sentrumskjernar og ei sone på 100 meter ikring.

2. Ein sentrumskjerne er eit område med meir enn tre ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse- og sosialtenester eller annan sosial og personleg service vere representert. Avstanden mellom bedriftene skal ikkje vere meir enn 50 meter.

Digitale grensedata for sentrene per 1. januar 2005 kan lastes ned.