10497_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/arkiv
10497
Mange små sentra forsvann siste året
statistikk
2004-04-07T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mange små sentra forsvann siste året

Per 1. januar 2004 var det 610 sentrumsområde i Noreg, fordelt på 259 kommunar. 153 sentra har vorte borte siste året, medan 63 nye har kome til. 15 kommunar har mista sentrumsområda sine siste året. I gjennomsnitt har sysselsetjinga i sentra gått noko ned, medan ho i sum har vakse i dei fire storbyane. Det er likevel store skilnader mellom kommunane.

Det har i 2003 vorte færre sentrumsområde og mindre sentrumsareal. Dette har ført med seg at det no er færre busette, verksemder og tilsette i desse områda. Mykje tyder på at eit fråfall av verksemder som er definerte til å ha sentrumsfunksjonar er årsaka til denne nedgangen.

Om lag 407 000 menneske, eller 9 prosent av folkemengda i Noreg, er busette i sentra. Dette er ein nedgang på 0,6 prosentpoeng sidan i fjor. Nedgangen i busette følgjer nedgangen i talet på og med det areal av sentrumsområde.

Sentra er lokaliserte og avgrensa etter automatiske metodar i heile landet basert på informasjon om bygningar og næringsverksemd. Føremålet med statistikken er å følgje endringar i utbreiing og arealbruk i sentra, samt å kunne knytte dette til demografisk og økonomisk statistikk for sentra.

Trenden vart broten i 2003

Per 1. januar 2004 var det 610 sentrumsområde med 407 388 busette og 693 174 tilsette innanfor i alt 117 028 verksemder. Dette tilsvarar ein nedgang i talet på sentrumsområde på 12 prosent, etter at talet hadde auka frå 622 i 2000 til 692 i 2003. Areal, busette og tilsette hadde òg auka frå 2000 til 2003. Nedgangen i talet på og areal av sentrumsområde frå 2003 til 2004 vert følgd av nedgang i talet på busette, verksemder og tilsette.

Endringar i talet på sentrumsområde, areal, tilsette og busette. 2000-2004. Indeks 2000=1

Fråfallet av sentrumsområde har si direkte årsak i bortfall av bedrifter med sentrumsfunksjon i desse områda. Nye konsentrasjonar av bedrifter har ført til nokre nye sentrumsområde, men dette kompenserer ikkje for bortfallet av dei tidlegare områda. I alt er det i 2003 kome til 63 nye sentrumsområde, medan 153 har vorte borte. Samstundes har nokre eksisterande sentrumsområde vorte fragmentert. Alt i alt har desse endringane ført til at det er 82 færre sentrumsområde i 2004 enn i 2003. Det er særleg bedrifter i næringane anna forretningsmessig tenesteyting, omsetjing og drift av fast eigedom og anna personleg tenesteyting med få tilsette som har vorte lagde ned eller flytta frå dei tidlegare sentrumsområda.

Det er dei minste områda som kan oppstå eller forsvinne frå år til år. Sidan sjølv små verksemder utan tilsette dannar grunnlaget for avgrensinga av sentrumsområde, kan ein rekne med ein viss fluktuasjon mellom dei minste sentrumsområda. Ei lita verksemd frå eller til kan vere det som skil mellom at eit område vert definert som sentrum eller ikkje.

Ikkje berre bygdesentra som forsvinn

Spreiddbygde strok og tettstader med mindre enn 1 000 innbyggjarar i 2003 mista åtte sentra, eller nær 31 prosent, siste året. Den største nedgangen i talet på sentra kom likevel i dei store byane med 20 000 innbyggjarar eller fleire, der 60 sentra forsvann.

Busette og tilsette i hovudsentrum og småsentra i dei fire største tettstadene. 2003 og 2004

Endringar i talet på sentrumssoner, etter kommune. 2003-2004

Dei store sentrumsområda er meir stabile

Endringane skjer i hovudsak i dei minste sentrumsområda, medan dei store sentrumsområda er relativt stabile når det gjeld mengder, areal, busette og tilsette. I 2003 var det 53 sentrumsområde med minst 2 000 tilsette, medan det i 2004 var 55. Det er 18 sentrumsområde med meir enn 5 000 tilsette. Dette talet har ikkje endra seg frå 2003 til 2004.

Talet på tilsette kan nyttast som ein indikator for aktiviteten i sentra. I dei fire storbyane har talet på tilsette i sentra auka med vel 5 000, eller om lag 1,2 prosent siste året. Heile veksten har skjedd i dei mindre sentra i Stor-Oslo tettstad (medrekna omegnskommunane) og Trondheim. Talet på tilsette i hovudsentra i alle byane gjekk noko attende, og i Bergen og Stavanger/Sandnes var det òg ein nedgang for bydelssentra.

Verksemda i sentra i dei store byane har vorte meir konsentrert siste året. Medan sysselsetjinga har auka, har arealbruken til sentrumsområda gått ned med 4,8 prosent. Talet på busette har gått ned med om lag same omfanget som arealbruken.

Viktige omgrep: SSB sin sentrumsdefinisjon

1. Eit sentrum er eit område sett saman av ein eller fleire sentrumskjernar og ei sone på 100 meter i kring.

2. Ein sentrumskjerne er eit område med meir enn tre ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse og sosiale tenester eller annan sosial og personleg service vere representert. Avstanden mellom bedriftene skal ikkje vere meir enn 50 meter.

Digitale grensedata for sentra per 1. januar 2004 kan lastast ned her.