52759_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/aar
52759
Fortettinga av busette i sentra held fram
statistikk
2011-11-23T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner1. januar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortettinga av busette i sentra held fram

Sentra i tettstader aukar, og det same gjer talet på busette siste året. Auken i busette skjer både fordi sentra aukar i omfang, men òg på grunn av fortetting. Tilsette i dei same områda går noko ned, medan tilsette i heile landet aukar svakt.

Folk vel i stadig aukande grad å bu urbant. Det er òg eit politisk ønskje å nytte tettstadsarealet så godt som råd er for å minske presset på omkringliggande areal, og samstundes leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.

Areal, tilsette og busette i sentrumssoner. 2006-2011

Nedgang i tilsette

Det har vore ein auke i busettinga og i talet på arbeidsplassar i sentra dei seinare åra, men dei siste to åra har talet på tilsette gått noko attende. Det er om lag dobbelt så mange tilsette som busette i sentra. Endringar i rutinane for stadfesting av verksemder gjer siste års endringar usikre for nokre kommunar.

Det bur om lag 3 900 innbyggarar pr km2 i sentra, og dette er ein auke på 2 prosent siste året.

Dei siste fem åra har auken vore 15 prosent for heile perioden, medan tettleiken av tilsette har auka med 2 prosent.

Det har vorte 6 prosent fleire busette i heile landet dei siste fem åra, samstundes har det vore ein auke på 25 prosent i sentra. Auken har vore enda større for borna i førskulealder, 34 prosent, medan born og unge i skulealder har hatt ein noko mindre vekst i sentra i perioden, med 17 prosent.

Omgrepet sentrum

Sentrum i denne samanhengen omfattar så vel hovudsentrum som andre sentra i byen (lokalsentra). Lokalsentra er viktige element i ein miljøvenleg bystruktur, både med tanke på lokale tilbod og for å redusere transportbehovet. Lokalsentra skal òg avlaste bykjernen med ulike tenestetilbod.

Kjøpesentra som i dei siste tiåra har vekse fram i utkanten av byane, har konkurrert med dei tradisjonelle bysentra. Kjøpesentra gir ofte tilbod som bysentra har vanskeleg for å møte, mellom anna gode høve til parkering.

Eit fullgodt senter skal fylle eit mangfald av funksjonar. Vi har difor kravd at sentra i denne statistikken skal ha eit visst innslag av offentleg verksemd, helse- og sosialtenester og liknande. Sjå Om statistikken . Einsidige kjøpesentra utan offentleg tilbod av noko slag er av same grunn ikkje med i statistikken.

Høge busetnadskonsentrasjonar er ein indikator for effektiv utnytting av areala, og høg busetnad i sentra gir mindre energikrevjande daglege transportbehov. På andre sida kan tett busetnad vere ein indikasjon på mellom anna tronge og støyutsette butilhøve, lite grøne areal og press på dei rekreasjonsareala som finst. Det er ikkje etablert nasjonale mål for kor tett sentrumsareala skal nyttast.

Areal, tilsette og busette per kvadratkilometer sentrumssone, etter tettstadstorleik. 2011 og endring 2006-2011. Hektar, tal per km2 og prosent

Tettare i dei store tettstadene

Det er fleire tilsette enn busette per km2 for alle storleiksklassar. Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. I storbyane er det nær 6 gonger så mange tilsette og busette per km2 som i bygdesentra. Berre sentra i dei aller største tettstadene har hatt vekst i både areal, busette og tilsette frå 2006 til 2011. Tettleiken av busette har auka i alle tettstadklassene, medan tettleiken av tilsette berre har auka i tettstader med mellom 20 000 og 100 000 busette.

Det er ikkje gitt at gruppene inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i andre grupper. Fredrikstad/Sarpsborg og Drammen har til dømes kome med i gruppa med minst 100 000 busette denne gongen.

Om datakvaliteten

Siste året har det vorte gjort ein grundig revisjon av rutinane for stadfesting av verksemder. Dette har i sum for landet ikkje ført til endringar i delen verksemder med sentrumsfunksjon som er stadfesta, men har i einskildkommunar ført til endringar.

Det at ikkje alle verksemdene er stadfesta med koordinat, fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokaliserte, kan endre seg over tid. Utviklingstrekka må difor tolkast med varsemd. Sjå eigen tabell i Statistikkbanken for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.

Digitale grensedata for sentrumssoner per 1. januar 2011 kan lastast ned her .