97717_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealdekke/aar
97717
Oppdaterte arealtal tilgjengelege
statistikk
2013-05-28T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Svalbard
no
arealdekke, Areal av land og ferskvatn, arealdekke, landareal, ferskvassareal, høgd over havetNatur og miljø, Areal, Natur og miljø, Svalbard
false

Areal av land og ferskvatn1. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppdaterte arealtal tilgjengelege

Tal for grunnkrinsar, kommunar og fylke er oppdaterte og lagde ut i Statistikkbanken. Det har skjedd nokre få endringar av kommunegrensane, og kystlinja er registrert meir nøyaktig.

Areal av land og ferskvatn. Kvadratkilometer1
I altLandFerskvatn
1Areal av land og ferskvann fra Statens kartverks serie N50.
Kongeriket Norge385 178365 26819 910
Hovedlandet323 779304 27019 509
Svalbard61 02260 627395
Jan Mayen3773716

Kommunane 1901 Harstad og 1915 Bjarkøy er slegne saman til kommunen 1903 Harstad som vart ny ved årsskiftet. I samband med dette er det også gjort ei omkoding av grunnkrinsane i denne kommunen.

Eit område er overført frå 1224 Kvinnherad til 1227 Jondal. Like eins er det overført eit område i 1121 Time til 1122 Gjesdal. I samband med desse endringane er det gjort nokre omkodingar av grunnkrinsar. Vidare har det ved deling av gamle krinsar kome nokre nye grunnkrinsar i kommune 1001 Kristiansand.

Kartverket har utført eit større arbeid for å gjere kystlinja meir nøyaktig. Dette gjer at tal for alle fylke, kommunar og grunnkrinsar som grenser mot kyst, er noko justerte. Arealet av Fastlands-Noreg er no berekna til 323 779 km2.

Slik hentar ein ut arealtal frå Statistikkbanken

Om ein ynskjer å få ut tal for den enkelte grunnkrinsen, eller alle grunnkrinsar i heile landet, må dette gjerast i fleire steg:

1. Vel den aktuelle tabellen.

2. Gå til fana som heiter ”Velg via grupper”.

3. Vel så ”region” i rullemeny, og vel ei gruppering i rullemenyen nedanfor.

4. Trykk så på knappen ”Velg som enkeltverdier”. Du kan no gå attende til fana ”Min tabell” og halde fram på vanleg vis for å få ut tal.