Samanslåtte kommunar meir enn doblar arealet

Publisert:

Det gjennomsnittlege arealet av dei kommunane som har vorte samanslåtte ved årsskiftet, er meir enn dobla, frå 435 km2 i 2019 til 1 100 km2 i 2020. Dei samanslåtte kommunane har i gjennomsnitt vorte større enn landsgjennomsnittet. 

Ved årsskiftet 1. januar 2020 vart fleire fylke slått saman slik at det no er 11 fylke. Samstundes har det vorte færre kommunar. 422 kommunar i 2019, vart redusert til 356. I tillegg til desse endringane har det òg vorte utført nokre grensejusteringar mellom kommunane.

Auka gjennomsnittleg storleik

Den gjennomsnittlege storleiken til fylka (fastland og øyer) har auka frå 17 989 km2 i 2019 til 29 437 km2 i 2020. Tilsvarande har den gjennomsnittlege storleiken til kommunane auka frå 767 km2 til 910 km2.

Dei kommunane som har vorte samanslåtte, var på gjennomsnittleg 435 km2 i 2019 medan dei nye samanslåtte kommunane var på 1 100 km2. Dei andre uberørte kommunane var i gjennomsnitt 883 km2.

Oslo det minste fylket

Det er Oslo som er det klart minste fylket med Rogaland og Møre og Romsdal på dei neste plassane. Troms og Finnmark er størst med Innlandet og Trøndelag på andre- og tredjeplass.  

Kommunestorleiken størst i Troms og Finnmark

Det nye Troms og Finnmark fylke har dei største kommunane målt i areal, med Innlandet på andreplass. Rogaland har dei minste kommunane. Den aller største kommunen er Kautokeino med 9 707 kvadratkilometer. Dei minste kommunane er Kvitsøy og Utsira i Rogaland med rundt 6 kvadratkilometer.

Figur 1

Figur 1. Gjennomsnittleg kommunestorleik i fylka. Klikk på bildet for større versjon

Kontakt