9851_om_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9851_om
statistikk
1999-08-13T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 1999

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
Emne: Kultur og fritid

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Trussamfunn: Godkjent trussamfunn etter lov om trudomssamfunn og ymist anna, lov-1969-06-13.

Livssynssamfunn: Godkjent livssynssamfunn etter lov om tilskot til livssynssamfunn, lov-1981-06-12.

Søknad om godkjenning av eit tru- eller livssynssamfunn vert sendt til fylkesmannen. Før godkjenning må søknaden eller meldinga for registrerte samfunn innehalde eit særskild sett med kriterier gitt i Lov om trudomssamfunn og ymist anna § 14, samt i føreskrift om registrerte og uregistrerte trussamfunn § 2. For uregistrerte trussamfunn er desse krava gjeve i same føreskrift i § 4.

Standard klassifikasjonar

Klassifiseringa for denne statistikken er grunna i søknadsskjema som samfunna sender til fylkesmenna. SSB har stått for kategoriseringa av samfunna på organisasjonsnivå, dels grunna på nytt søknadsskjema, dels på gamalt søknadsskjema frå samfunna til fylkesmenna (gamalt skjema før 2005). Numeriske kodar er laga som hjelpemiddel for køyring av tabellprogram.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Tala vert publiserte på lands-, og fylkesnivå

Kor ofte og aktualitet

Statistikken over medlemmer i trus- og livssynssamfunn vert publisert årleg, med unntak av 2005

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

All trus- og livssynsstatistikk i SSB er lagra på ein forsvarleg og standardisert måte i samråd med  mellom anna Datatilsynet

Bakgrunn

Føremål og historie

Hovudføremålet med denne statistikken er å synleggjere talet på medlemmer i dei trussamfunna og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja (Dnk) som søkjer om og mottek statsstøtte. Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk byggjer på oppgåver frå fylkesmenna til Brønnøysundregistra over dei samfunna som har fått statstilskot. Statistikken har vore publisert i SSB sidan 1972. Før 1972 vart opplysningar knytt til religion innhenta via folketeljingsskjema.

Brukarar og bruksområde

Kulturdepartementet, andre offentlege etatar, forskingsinstitusjonar, trus- og livssynssamfunn, media, studentar og andre interesserte.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukere har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter forhåndsvarsling senest tre måneder før i Statistikkalenderen. Dette er et av de viktigste prinsippene i SSB for å sikre likebehandling av brukerne.

Samanheng med annan statistikk

Denne statistikken kan sjåast i samanheng med statistikk forDen norske kyrkja.

Lovheimel

Statistikken omfattar trus- og livssynssamfunn ved lov av 24. april 2020 nr. 31 om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), samt forskrift av 18. desember 2020 om registrering av og tilskudd til tros- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta). Data blir henta med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikklova) § 10.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Alle trus- og livssynssamfunn som er godkjende hjå fylkesmannen og som søkjer og mottek statstilskot for rapportert tal på medlemmer i samfunnet. Eininga i statistikken er det enkelte samfunn. Einskilde samfunn vel å ikkje søkje om statstilskot sjølv om dei er registrerte og godkjende hjå fylkesmannen. Døme på slike samfunn som ikkje søkjer om offentleg tilskot er Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagers Hellige. Registrerte og uregistrerte trus- og livssynssamfunn som ikkje har søkt om statstilskot det enkelte år, er ikkje med i statistikken. I eit registerført samfunn kreves det ett set med opplysninger og prest eller forstandar har lovsette gjeremål i trudomssamfunnet. (Lov om trudomssamfunn og ymist anna § 14). For uregistrerte trussamfunn som vil krevje statstilskot er det krav om færre opplysningar om samfunnet. Eit uregistrert samfunn kan til dømes ikkje ha lovsette gjeremål i trudomssamfunnet. Statistikken inneheld ikkje opplysningar om talet på menigheiter. Statistikken skil ikkje på registrerte og uregistrerte samfunn.

Datakjelder og utval

Datakjelde for statistikken er elektroniske data frå Brønnøysundregistra. T.o.m. 2004 mottok SSB kopi av søknadsskjema med oppgåve over talet på medlemmer direkte frå fylkesmenna. Frå 2005 vart medlemslistene til trus- og livssynssamfunn som søkte statstilskot via fylkesmenna sende til Brønnøysundregistra (BR) for kontroll. Etter at kontrollane i BR er utførd, mottar SSB elektronisk datafil frå BR. Statistikken omfattar alle samfunn som har søkt om tilskot det enkelte år.

Datainnsamling, editering og beregninger

Datafila vert sendt elektronisk frå BR til SSB når dei har utført den naudsynte kontrollen av medlemslistene dei har fått frå fylkesmenna.

BR har ansvaret for kontrollen etter oppdrag frå Kulturdepartementet. Medlemslistene vert kontrollerte internt i det enkelte samfunn og i tillegg kontrollerte for dobbeltmedlemskap mellom dei ulike trus- og livssynssamfunn og for dobbeltmedlemskap mellom Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. BR har utført dei naudsynte kontrollane av organisasjonsnummer og fødselsnummer, slik at det ikkje er dublettar. Kontrollen går i hovudsak ut på å sjekke for dobbelt medlemskap (på individnivå), mot opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, mot andre trus- og livssynssamfunn og mot medlemsregisteret til Den norske kyrkja (Dnk). Datafila som SSB mottek er ei aggregert fil og inneheld opplysningar om talet på medlemmer per organisasjonsnivå (organisasjonsnummer) per bukommune, før klagehandsaming.

SSB kodar den mottekne fila med kodar etter eit utarbeidd kodesystem utarbeida i SSB. Statistikken over trus- og livssynssamfunn er ein summarisk statistikk, det vil seia at statistikken og tabellar berre summerer tal over medlemmer, nasjonal og fordelt på ulike religionar/livssyn. Utover oppsummering av innrapporterte tal det enkelte år, vert det ikkje gjort nokre særskilde analysar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Datamaterialet kan definerast som sensitivt og celler må prikkast dersom det er under tre observasjonar i ei celle.

Samanlikningar over tid og stad

SSB har produsert offisiell statistikk over medlemmer i trus- og livssynssamfunn sidan 1971 grunna i oppgåver som fylkesmenna fekk inn i samband med tildeling av statstilskot. Som medlemmer vert rekna dei som har tilknyting til ei meinigheit, dvs. barn under 16 år, når desse ikkje er melde inn i Dnk. Fordelinga etter fylke var der meinigheita eller livssynssamfunnet er registrert. Dette fell ikkje alltid saman med bustadfylket til den enkelte medlemmen. Før 1970 publiserte SSB tabellar over personar fordelt etter trussamfunn grunna i folketeljingsdata.

Frå 2005 er det lagt til grunn eit nytt registreringssystem for talet på medlemmer, og datagrunnlaget for statistikken er endra i og med at SSB får dette frå BR. Ein kan såleis ikkje samanlikne statistikken med tidlegare år. Ein bør òg vere varsam med samanlikningar særskild  mellom åra 2005-2006-2007 då arbeidet med å rydde opp i dobbeltmedlemskap hadde særskild fokus i desse åra. Samstundes gjer ein merksam på at nokre samfunn ikkje er med i statistikken kvart år, og nye samfunn kjem til. Ein gjer merksam på at på grunn av slike høve må ein vere varsam med direkte samanlikningar over tid og mellom kategoriar, da dette til dels kan gi store utslag i ein kategori. (Sjå òg feilkjelder under). Fordelinga etter fylke er frå 2006 gjort ut frå bukommune til medlemmene.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Statistikken for trus- og livssynssamfunn omfattar berre samfunn med medlemmer det er søkt om statstilskot for det einskilde år. Det kan til dels vere store svingingar på nokre kategoriar frå år til år. Dette kan skyldast at nokre samfunn av ulike årsaker ikkje søkjer det enkelte år. Det er og samfunn som aldri søkjer om tilskot.

Registerfeil.

SSB har sidan 2005 motteke data frå Brønnøysundregistrene (BR) med totalt tal over medlemmer per samfunn. SSB reknar kvaliteten som monaleg betra, då BR har føreteke dublettsjekk før SSB mottek data.

Revisjon

Ikkje relevant