9873
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9873
Vekst for Den romersk-katolske kyrkja
statistikk
1999-08-13T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst for Den romersk-katolske kyrkja

I løpet av dei siste ti åra har medlemstalet i Den romersk-katolske kyrkja auka med nesten 70 prosent. Talet har auka frå om lag 24 000 medlemmer i 1989 til drygt 40 000. Sidan i fjor har medlemstalet auka med 2 300.

Den romersk-katolske kyrkja har flest medlemmer i Oslo og Akershus, med til saman 18 000 medlemmer fordelt på fire menigheiter. Bortsett frå Sogn og Fjordane og Finnmark har trussamfunnet menigheiter i alle fylka.

 Medlemmer i trussamfunn utanfor Den norske kyrkja. 1990 og 1998

Over 330 000 i trus- og livssynssamfunn

Per 1. januar 1999 hadde trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja til saman drygt 330 000 medlemmer, 240 000 i registrerte trussamfunn, 25 000 i uregistrerte trussamfunn og 68 000 i livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund. Dette er ein liten auke på om lag 1 200 medlemmer eller 0,4 prosent sidan 1998. For hovuddelen av trussamfunna utanfor statskyrkja var det stabilitet i talet på medlemmer.

Islam var det største trussamfunnet utanfor Den norske kyrkja med drygt 45 000 medlemmer. I tillegg var det 1 500 medlemmer i uregistrerte samfunn. Pinsemenigheitene var nest størst med drygt 44 000 medlemmer. Det største uregistrerte trussamfunnet var Dei frie evangeliske forsamlingane med drygt 3 600 medlemmer.

 Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund. 1985, 1990 og 1998

Medlemstalet for Human-Etisk Forbund har gått ned med om lag 1 600 medlemmer sidan 1. januar 1998. Talet på vaksne medlemmer er likevel stabilt. Human-Etisk Forbund hadde lokallag i alle fylka, medan det var flest medlemmer i Oslo og Akershus, til saman drygt 25 000 fordelt på 17 lokallag.

Geografiske skilnader

Det er store geografiske skilnader med omsyn til om folk er medlemmer av trus- og livssynssamfunn utanfor statskyrkja. I Oslo/Akershus var 13 prosent medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor statskyrkja, medan motsvarande tal for Sogn og Fjordane berre var drygt 1 prosent.

Den norske kyrkja

Tal for Den norske kyrkja synte at det i 1998 vart døypt 48 500 barn i kyrkja, 38 000 konfirmerte seg og 13 200 vart vigde. Talet på vigslar i Den norske kyrkja i 1998 gjekk ned med om lag 6 prosent samanlikna med i fjor, medan nedgangen i talet på døypte og konfirmerte høvesvis var på 4 og drygt 3 prosent samanlikna med 1997.

Statistikken kjem ut kvart år.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB