9735
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/arkiv
9735
4,1 millionar utlån
statistikk
2008-05-06T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4,1 millionar utlån

Fag- og forskingsbiblioteka utførte til saman godt over 4,1 millionar utlån i 2007. Dei fleste låna var lokale lån. Ved utgangen av 2007 forvalta fag- og forskingsbiblioteka nær 50 millionar fysiske einingar.

88 prosent av dei 4,1 millionar utlåna i fag- og forskingsbibliotek var lokale lån, medan om lag 482 000 var fjernlån. Det er universitetsbiblioteka og dei vitskapelege høgskolane som har høgast del utlån med nærare 2 millionar utlån, litt under halvparten av dei totale utlåna. Høgskolebiblioteka står for 40 prosent av utlåna. Det er høgskolebiblioteka som har størst del lokale lån. 93 prosent av dei 1,6 millionar låna ved desse institusjonane var lokale lån.

Bøker og periodika

Samlingane

Bøker og periodika utgjer 41 prosent, eller 20 millionar, av dei nær 50 millionar fysiske einingane. I tillegg forvaltar fag- og forskingsbiblioteka nær éin milliard digitale dokument i samlingane sine.

Det er òg universitetsbiblioteka og dei vitskapelege høgskolane som rår over størstedelen av dei 20 millionar bøkene og periodika i fag- og forskingsbiblioteka. Desse institusjonane forvaltar nær 52 prosent, eller 10 millionar, bøker og periodika, medan dei offentlege spesialbiblioteka forvaltar 3,5 millionar.

Forutan bøker og periodika består dei fysiske einingane av manuskript, mikroformer, kartografisk materiale, musikaliar, patent og anna bibliotekmateriale.

Den totale samlinga av digitale dokument auka med 280 millionar dokument siste året og tel ved utgangen av 2007 nær éin milliard dokument. Dei digitale dokumenta er hovudsakleg samla hos Nasjonalbiblioteket.

Flest bibliotekfaglege årsverk

I 2007 vart det utført 1 585 årsverk ved dei 322 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. 73 prosent av årsverka var i bibliotekfaglege stillingar. Dei samla utgiftene for fag- og forskingsbiblioteka i 2007 var om lag 1,35 milliardar kroner. Ikkje alle biblioteka fører kostnader til løn i rekneskapane sine, i nokre tilfelle vert løn dekt av eigarinstitusjonen.

Statistikken over fag- og forskingsbibliotek omfattar 322 bibliotekeiningar i 2007. 72 av desse einingane er knytte til universiteta og dei vitskapelege høgskolane. Universitetsbiblioteket i Agder, tidlegare Høgskolen i Agder, er frå 2007 i kategorien universitet og vitskapelege høgskolar.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB