9749
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/arkiv
9749
19 millionar bind
statistikk
2001-05-22T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

19 millionar bind

Fag- og forskingsbiblioteka har ei samling av bøker og tidsskrifter på nærare 19 millionar bind ved utgangen av 2000. Samlinga auka med godt over ein halv million bind i 2000. Bestanden av bøker utgjer 666 kilometer med hyller.

Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane hadde over halvparten av den registrerte bestanden av bøker og tidsskrifter. Høgskolebiblioteka hadde vel 15 prosent av bøkene og tidsskriftene, medan dei offentlege spesialbiblioteka hadde litt i underkant av 18 prosent. Nasjonalbiblioteka hadde i år som i fjor vel 10 prosent av bestanden, medan dei private spesialbiblioteka stod for vel 3 prosent.

Fem millionar besøk

Talet på registrerte besøk i biblioteka var til saman nesten fem millionar i 2000. Universiteta og dei vitskapelege høgskolane hadde nærare 53 prosent av desse besøka, medan høgskolebiblioteka hadde 41 prosent. Dei private spesialbiblioteka hadde berre 0,5 prosent av besøka. Gjennomsnittleg opningstid per veke var 23 timar.

Stabile utlån

Utlåna heldt seg stabile ved fag- og forskingsbiblioteka. Om lag 3,8 millionar utlån vart utførte i 2000. Av dette var knapt 500 000 fjernlån, medan 3,3 millionar var lokale lån. Fjernlån er lån mellom biblioteksystema under ulike administrative einingar.

Dei samla utgiftene for biblioteka var nærare 745 millionar kroner i 2000. 28 prosent gjekk til innkjøp av materiale til samlingane. Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane stod for over halvparten av beløpet brukt til innkjøp.

I alt var det ved utgangen av 2000 registrert vel 1 800 tilsette ved dei i alt 357 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. Halvparten av desse var tilsette i bibliotekfaglege stillingar. I alt utførte dei tilsette vel 1 580 årsverk. Dei bibliotekfaglege tilsette utførte 52 prosent av årsverka.

Statistikken for fag- og forskingsbibliotek er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå og vert samla inn i samarbeid med Riksbibliotektjenesten.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB