Stabilt utlån hos fag- og forskningsbiblioteka

Publisert:

Trass i at bruken av dei digitale informasjonsressursane har auka ved fag- og forskingsbiblioteka, held talet på fysiske utlån frå eigne samlingar seg stabilt frå 2016 til 2017.

Etter ein periode frå 2013 til 2016, kor det samla talet på fysiske utlån frå bibliotekas eigne samlingar fall med 25 prosent, kan vi sjå av resultata frå 2017 at talet har stabilisert seg på om lag 1,5 millionar utførte utlån, viser nye tall i Fag- og forskingsbibliotek.

Dei samla tala frå fag- og forskingsbiblioteka utanom Nasjonalbiblioteket, inkluderer utlån til både primærmålgruppa og andre, samt fjernlån. Tala for utlån viser her berre fyrstegongs utlån og inkluderer ikkje fornyingar av allereie utførte utlån.

Figur 1. Fysiske utlån frå fag- og forskingsbiblioteka totalt, utanom Nasjonalbiblioteket

2013 2014 2015 2016 2017
Utlån 1992690 1743747 1605612 1494411 1483184

Den digitale bruken held fram med å vekse

Samstundes som talet på fysiske utlån har helde seg stabilt stig talet på nedlastingar frå fulltekstdatabasar, ein auke på om lag 13 prosent frå året før. Den same veksten kan vi og sjå i talet for bruken av dei digitale institusjonsarkiva, totalt 16 prosent fleire nedlastingar i 2017 enn i 2016.

Ein fulltekstdatabase er ein samling av originaldokument der hele eller vesentlege deler av dokumentet er elektronisk tilgjengeleg. Dette kan mellom anna vere bøker, periodika, rapportar og artiklar i tidsskrift. 

Figur 2. Bruk av elektroniske informasjonsressursar ved fag- og forskingsbiblioteka totalt, utanom Nasjonalbiblioteket

2013 2014 2015 2016 2017
Nedlastingar frå fulltekstdatabasar 10877598 13045306 14919102 18388521 20800058
Nedlastingar frå institusjonsarkiv 8056438 7536178 6676770 11859912 13817088

Endringar i statistikken

Frå 2016 til 2017 er det gjort noko endringar i rapporteringa av tal frå fag- og forskingsbiblioteka. Dette gjer at det for enkelte variablar vil mangle tal og at ikkje alle tal frå 2017 vil være samanliknbare med tidlegare år. Mellom anna er ikkje elektroniske bøker med Patron-driven acquisition (PDA) inkludert i tala for 2017.

Faktaside

Kontakt