9491_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/arkiv
9491
7 prosent færre mjølkeprodusentar siste året
statistikk
2009-12-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

7 prosent færre mjølkeprodusentar siste året

Førebelse tal for 2009 viser at det av i alt 48 000 jordbruksbedrifter var 10 600 som hadde mjølk som hovudproduksjon. Talet på jordbruksbedrifter med mjølkeproduksjon er nesten halvert på ti år.

Det samla jordbruksarealet i drift på dei knapt 48 000 aktive jordbruksbedriftene i 2009 var 10,15 millionar dekar, ein nedgang på 91 000 dekar frå året før. To tredjedelar av det samla jordbruksarealet vart nytta til eng til slått og beite, medan ein tredjedel vart nytta til åker- og hagebruksvekstar. Korn og oljevekstar utgjorde 87 prosent av åker- og hagebruksarealet.

I 2009 blei 45 000 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, og 14,3 prosent av desse var kvinner. Upersonlege brukarar dreiv 3 000 bedrifter, eller 6,3 prosent av totalen. I 1999 utgjorde upersonlege brukarar 1,1 prosent av totalen.

Jordbruksbedrifter, etter driftsform. 1999-2009*

Dyretal per jordbruksbedrift med mjølkeku og ammeku. 1999-2009*

Ulik utvikling i ulike produksjonar

Jordbruksbedriftene kan vi klassifisere etter kva slag produksjon dei driv som hovudnæring. Dei dominerande driftsformene i jordbruket er mjølkeproduksjon, kornproduksjon og sauehald. Sidan 1999 har det vore ein jamn nedgang i talet på jordbruksbedrifter innanfor desse driftsformene. Talet på bedrifter med ammekyr eller svin og fjørfe har endra seg lite i den same perioden. Talet på bedrifter i kategorien ”øvrige jordbruksvekstar” har stige dei siste fire åra. Det er i hovudsak bedrifter med grasproduksjon som utgjer denne auken.

Frå 2008 til 2009 gjekk talet på bedrifter med mjølk eller sau som hovudproduksjon ned med 7 prosent kvar, medan talet på bedrifter med korn blei redusert med om lag 4 prosent. Sidan 1999 er talet på jordbruksbedrifter med mjølkeproduksjon redusert med 48 prosent.

Fleire kyr per bedrift

Sidan 1999 har talet på mjølkekyr gått ned med knapt 24 prosent, medan talet på ammekyr har auka med drygt 80 prosent. Gjennomsnittleg buskapsstorleik auka i same perioden frå 13,8 til 20,5 for mjølkekyr og frå 6,7 til 12,9 for ammekyr. I 2009 var det 3 700 jordbruksbedrifter som hadde storfekjøt som hovudproduksjon, mot 4 000 bedrifter i 1999.

Upersonlege brukarar

Upersonlege brukarar omfattar til dømes samdrift, aksjeselskap og bedrifter som er drivne av ein institusjon.

Tabeller: