9493_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/arkiv
9493
Mindre nedgang i talet på bruk
statistikk
2009-01-15T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre nedgang i talet på bruk

Førebelse tal for 2008 viser at det per 31. juli var 48 800 aktive jordbruksbedrifter i Noreg. Dette er 1 100, eller 2,2 prosent, færre enn året før. Ein må tilbake til byrjinga på 1990-talet for å finne eit år med mindre nedgang i talet på bruk.

Prosentvis endring i talet på jordbruksbedrifter. 1999-2008*. Dekar

Jordbruksbedrifter med mjølkeku. 1999-2008*

Samla jordbruksareal i drift på dei knapt 49 000 aktive jordbruksbedriftene i 2008 var 10,24 millionar dekar, om lag det same som året før. To tredjedelar av samla jordbruksareal vart nytta til eng til slått og beite, medan ein tredjedel vart nytta til åker- og hagebruksvekstar. Korn og oljevekstar utgjorde 87 prosent av åker- og hagebruksarealet. Frå 2007 til 2008 gjekk arealet av bygg ned med 109 100 dekar, til 1,3 millionar dekar. I den same perioden auka arealet av kveite med vel 2 prosent, til 934 000 dekar, medan havrearealet auka med knapt 7 prosent, til 773 800 dekar.

I 2008 vart 45 700 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, og 14,2 prosent av desse var kvinner. Upersonlege brukarar, slik som samdrift, aksjeselskap og institusjon, dreiv 3 200 bedrifter, eller 6,5 prosent av totalen. I 1999 utgjorde upersonlege brukarar 1,1 prosent av totalen.

Alssvin per jordbruksbedrift med alssvin. 1999-2008*

Færre mjølkeprodusentar

I 2008 dreiv vel 12 500 jordbruksbedrifter med mjølkeproduksjon, og dette er 8 prosent færre enn året før. Sidan 1999 har talet på mjølkeprodusentar blitt redusert med 10 100, tilsvarande ein nedgang på om lag 6 prosent per år. Frå 2007 til 2008 gjekk talet på mjølkekyr ned med 2 prosent, til 248 000, og sidan 1999 har talet på mjølkekyr gått ned med vel 20 prosent. I den same perioden har buskapsstorleiken auka frå 13,8 til 19,8 mjølkekyr per jordbruksbedrift med mjølkeproduksjon.

Sidan 1999 har talet på ammekyr auka med over 70 prosent, og i 2008 var det 63 200 ammekyr. I den same perioden har gjennomsnittleg buskapsstorleik auka frå 6,7 til 12 ammekyr per jordbruksbedrift.

Frå 2007 til 2008 auka talet på sau over 1 år med 3 300, til 897 800, medan talet på jordbruksbedrifter med sau gjekk ned med 2,7 prosent, til 15 500.

Det vart registrert 99 600 alssvin i 2008, om lag det same som året før. I perioden 1999-2008 har talet på alssvin lege ikring 100 000, medan talet på bedrifter med alssvin har gått jamt nedover frå 3 700 i 1999 til 1 700 i 2008. Gjennomsnittleg buskapsstorleik er meir enn dobla i denne perioden, frå 27,2 alssvin per bedrift i 1999 til 60,2 i 2008.

Tabeller: