9495
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/arkiv
9495
Under 50 000 gardsbruk
statistikk
2008-01-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Under 50 000 gardsbruk

Førebelse tal for 2007 viser at det per 31. juli var 49 800 aktive jordbruksbedrifter. Dette er 1 400 eller 2,8 prosent færre enn året før.

Prosentvis endring i talet på jordbruksbedrifter. 1999-2007*

Jordbruksareal i drift fordelt på åker og eng. 1999 og 2007*. Dekar

I perioden 1999-2006 har den gjennomsnittlege nedgangen i talet på jordbruksbedrifter lege på 2 800 eller 3,9 prosent per år. Størst nedgang var det frå 2002 til 2003, då talet på jordbruksbedrifter gjekk ned med 5,9 prosent. Frå 2003 har nedgangen avteke, og dei to siste åra har talet på jordbruksbedrifter minka med respektive 3,4 og 2,8 prosent.

Samla jordbruksareal i drift på dei knapt 50 000 aktive jordbruksbedriftene var 10,3 millionar dekar i 2007, om lag det same som året før. Sidan 1999 har samla jordbruksareal i drift gått ned med vel 51 200 dekar. I denne perioden er åker- og hagearealet redusert med 325 600 dekar til 3,7 millionar dekar, medan areal av eng til slått og beite har auka med 274 400 dekar til 6,7 millionar dekar.

I 2007 blei 46 800 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, og 13,9 prosent av desse var kvinner. Upersonlege brukare, slik som samdrift, aksjeselskap og institusjon, dreiv 3 000 einingar, eller 6,0 prosent av totalen. I 1999 var 12,8 prosent av dei personlege brukarane kvinner, og om lag 1 prosent av einingane blei drivne av upersonlege brukare.

Færre bedrifter med mjølkeproduksjon

Jordbruksbedriftene kan klassifiserast etter hovudproduksjonen dei driv. Frå 2006 til 2007 har talet på bedrifter med mjølk som hovudproduksjon gått ned med 7 prosent, medan talet på bedrifter med sau og med korn som hovudproduksjon blei redusert med om lag 4 prosent. Dei dominerande drifsformene i jordbruket er mjølkeproduksjon, kornproduksjon og sauehald. Kvar fjerde jordbruksbedrift har mjølk som hovudproduksjon, medan kornproduksjon og sauehald kvar for seg er hovudproduksjon på kvar sjette jordbruksbedrift.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB