9497_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/arkiv
9497
Stadig færre gardsbruk
statistikk
2007-01-25T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre gardsbruk

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på jordbruksbedrifter frå 2005 til 2006 gjekk ned med 3,5 prosent til 51 200, medan gjennomsnittleg storleik på bedriftene auka frå 195 til 202 i den same perioden.

Jordbruksbedrifter etter driftsform. 2005 og 2006*

Samla jordbruksareal i drift på dei 51 200 aktive jordbruksbedriftene var 10,24 millionar dekar i 2006, om lag det same som eitt år tidlegare.

I 2006 blei 48 400 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, og 13,5 prosent av desse var kvinner. I 2005 blei 13,3 prosent av jordbruksbedriftene med personleg brukar drive av kvinner. Upersonleg brukar, slik som samdrift, aksjeselskap og institusjon, dreiv 2 800 einingar, eller 5,5 prosent av totalen. Tilsvarande tal for 2005 var 2 500 eller 4,8 prosent.

Færre bedrifter med mjølkeproduksjon

Jordbruksbedriftene kan klassifiserast etter kva for hovudproduksjon dei driv. Frå 2005 til 2006 har talet på bedrifter med mjølkeproduksjon gått ned med 7 prosent, medan talet på bedrifter med sauehald og kornproduksjon blei redusert med om lag 4 prosent. Dei dominerande drifsformene i norsk jordbruk er mjølkeproduksjon, kornproduksjon og sauehald. Ein fjerdedel av jordbruksbedriftene har mjølk som hovudproduksjon, medan kornproduksjon og sauehald kvar for seg er hovudproduksjon på 18 prosent av bedriftene.

Jordbruksbedrifter fordelt etter selskapsform. 2002-2006
  Jordbruksbedrifter i alt Etter selskapsform
  Enkeltpersonforetak Foretak med delt ansvar øvrige foretak
2002 61 890 97,0 2,5 0,6
2003 58 231 96,7 2,9 0,6
2004 55 507 96,2 3,4 0,6
2005 53 003 95,2 4,3 0,7
2006 51 199 94,0 5,1 0,7

Tabeller: