9499_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/arkiv
9499
Færre bedrifter i jordbruket
statistikk
2006-02-22T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre bedrifter i jordbruket

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på jordbruksbedrifter frå 2004 til 2005 har gått ned med 2 300 til 53 200. I femårsperioden 2000-2005 har kvar femte jordbruksbedrift blitt lagt ned, medan jordbruksareal i drift har endra seg lite.

Jordbruksbedrifter etter driftsform. 2000 og 2005

Jordbruksbedrifter i alt. 2000-2005

Dei førebelse tala viser at det i 2005 var 53 200 aktive jordbruksbedrifter. Sidan 2000 har det vore ein gjennomsnittleg årleg nedgang i talet på jordbruksbedrifter med 3 100 einingar eller 4,5 prosent. I 2005 var det 10,36 millionar dekar jordbruksareal i drift. Gjennomsnittleg storleik på einingane har auka frå 152 dekar i 2000 til 195 dekar i 2005.

Tre dominerande driftsformer

Jordbruksbedriftene kan klassifiserast etter kva for ein hovudproduksjon dei driv. Hovudproduksjonen, eller driftsforma, blir fastsett utifrå delen dei ulike produksjonane utgjer av totalt standard dekningsbidrag på jordbruksbedrifta. Det er tre dominerande driftsformer i norsk jordbruk: storfe mjølkeproduksjon, sauehald og dyrking av korn og oljevekstar. Desse tre driftsformene finn vi på om lag to tredjepartar av alle jordbruksbedriftene i 2005. Sidan 2000 har det vore nedgang i talet på bedrifter med både husdyrproduksjon og planteproduksjon. Relativt sett har det vore minst nedgang i talet på bedrifter med korn og oljevekstar og sauehald, mens det har vore størst nedgang i bedrifter med driftsformene svin eller fjørfe og hagebruksvekstar.

Færre husdyrbruk

Talet på jordbruksbedrifter med svin eller fjørfe har blitt redusert med over 20 prosent til 1 400 bedrifter i 2005. Same året blei 14 400 bedrifter klassifisert med driftsforma storfe mjølkeproduksjon, 25 prosent færre enn fem år før. Gjennomsnittleg storleik på buskapane aukar, frå 13,5 mjølkekyr i 2000 til 16,1 i 2005. Same tendensen, med auka storleik på buskapane, finn vi òg i dei andre husdyrproduksjonane. Jordbruksbedrifter med sau har blitt redusert med 18 prosent til 10 200. Det har også blitt færre produsentar med ulike former for planteproduksjon. Jordbruksbedrifter med driftsform hagebruksvekstar har blitt redusert med knapt ein tredjedel til 1 600, og det var 9 700 jordbruksbedrifter med driftsforma korn og oljevekstar i 2005, 18 prosent færre enn fem år tidlegare.

Færre unge og eldre bønder

I 2005 blei 50 900 jordbruksbedrifter drivne av personleg brukar, medan 2 300 blei drivne av upersonleg brukar, til dømes samdrift, aksjeselskap og institusjon. Frå 2000 til 2005 har delen upersonlege brukarar auka frå 1,3 til 4,3 prosent av alle brukarar. Blant personlege brukarar var det 44 100 mannlege og 6 800 kvinnelege i 2005.

I perioden 2000-2005 har gjennomsnittleg alder på brukarane auka frå 48 til 49 år. Delen gardbrukarar som var yngre enn 40 år gjekk ned frå 25 til 22 prosent i denne perioden, mens delen brukarar mellom 40 og 70 år auka frå 72 til 76 prosent. Samstundes blei det færre brukarar over 70 år: 2,5 prosent av alle personlege brukarane i 2005, mot 3,3 prosent i 2000. Gjennomsnittleg alder på brukarane går ned med aukande storleik på jordbruksbedrifta. I 2005 var gjennomsnittleg alder på kvinnelege brukarar 48 år, mot 49 år for dei mannlege.

Tabeller: