90609
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/aar-forelopige-tall
90609
900 færre jordbruksbedrifter
statistikk
2012-11-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

900 færre jordbruksbedrifter

Førebelse tal for 2012 viser at talet på jordbruksbedrifter gjekk ned med 2 prosent frå 2011 til 2012, til 44 700. Samla jordbruksareal i drift gjekk ned med knapt 1 prosent, til 9,9 millionar dekar.

Jordbruksbedrifter og jordbruksareal i drift. 1979, 1989, 1999, 2010 og 2012*

Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 222 dekar i 2012. Dette er 3 dekar meir enn året før, og 75 dekar meir enn i 1999. I 2012 fordelte jordbruksareal i drift seg på 8,2 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,6 millionar dekar innmarksbeite.

I 2012 blei 42 200 av gardsbruka drivne av personlege brukarar, og 14,6 prosent av desse var kvinner. I 1999 var 12,9 prosent av dei personlege brukarane kvinner. I 2012 blei 2 500 bedrifter, eller 5,6 prosent av totalen, drivne av upersonlege brukarar, mot berre 1,1 prosent i 1999.

Mindre kornareal

Kornarealet har gått ned med 53 000 dekar frå 2011 til 2012, til 2,9 millionar dekar. Det totale kveitearealet gjekk ned med 69 000 dekar, og det var arealet av haustkveite som minka, medan arealet av vårkveite auka. Vanskelege vêrforhold hausten 2011 førte til at svært lite areal blei tilsådd med haustkorn, og det ga ein nedgang i arealet av haustkveite på 122 000 dekar, til 20 000 dekar i 2012. Samstundes auka arealet av vårkveite med 52 000 dekar til 649 000 dekar. Arealet av bygg auka med 79 000 dekar, til 1,56 millionar dekar, medan havrearealet minka med 24 000 dekar, til 692 000 dekar.

Engarealet gjekk noko ned siste året til 6,49 millionar dekar i 2012. Både arealet av fulldyrka eng, overflatedyrka eng og innmarksbeite gjekk noko ned, men berre med 0,2-0,4 prosent.

Dyretal per jordbruksbedrift. 1999, 2010 og 2012*

Færre storfe

Talet på storfe gjekk svakt ned med 2 600 frå 2011 til 2012. Talet på ammekyr auka, medan talet på mjølkekyr og andre storfe gjekk ned. Gjennomsnittleg buskapsstorleik i 2012 var 23 mjølkekyr, medan gjennomsnittet for ammekyr var 14.

Talet på avlssvin var knapt 97 000 i 2012, om lag det same som året før. Gjennomsnittleg buskapsstorleik var 76 for avlssvin og 231 for slaktesvin.

Talet på verpehøner auka med vel 1 prosent til 3,94 millionar i 2012.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB