54623
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/aar-forelopige-tall
54623
1 100 færre jordbruksbedrifter
statistikk
2011-12-19T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1 100 færre jordbruksbedrifter

Frå 2010 til 2011 gjekk talet på jordbruksbedrifter ned med 1 100, til 45 500. Det er ein nedgang på 2,4 prosent.

Jordbruksbedrifter og jordbruksareal per jordbruksbedrift. 1999 og 2011*

Jordbruksareal i drift gjekk ned med 77 000 dekar frå 2010, til 9,98 millionar dekar i 2011. I 2011 fordelte jordbruksarealet seg på 8,2 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,6 millionar dekar innmarksbeite.

Sidan 1999 har det totale jordbruksarealet i drift gått ned med 3,8 prosent. Frå 2005 har nytt digitalt kartgrunnlag blitt tatt i bruk ved søknader om produksjonstilskot. Tal for perioden 2005-2010 viser ein eingongsreduksjon i arealet på 2,6 prosent for dei kommunane der nytt kart er tatt i bruk. I perioden 1999-2011 har åkerarealet blitt redusert med 13 prosent, medan engarealet har auka med 2 prosent. Det er areal med innmarksbeite som har auka. Dette arealet har auka med om lag 350 000 dekar frå 1999 til 2011, medan areala av fulldyrka eng og overflatedyrka eng har gått ned med respektive 135 000 dekar og 94 000 dekar.

Gjennomsnittleg jordbruksareal per jordbruksbedrift var 219,4 dekar i 2011, mot 215,8 året før. Sidan 1979 har jordbruksarealet per jordbruksbedrift blitt nær tredobla.

Dyretal per jordbruksbedrift. 1999 og 2011

Færre mjølkekyr - fleire ammekyr

Talet på mjølkekyr gjekk ned med vel 5 000, til 233 000 i 2011. Talet på ammekyr auka med knapt

2 000 i same perioden, og nådde 72 000 i 2011.

Talet på alssvin var om lag 96 000 i 2011, 1 200 færre enn året før. Talet på slaktesvin blei redusert med 1 prosent til 743 000 i 2011.

I 2011 var det 4 300 færre sauer over eitt år enn året før. Talet på verpehøner gjekk ned med knapt 100 000, til 3,85 millionar, i 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB