54621
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/aar-forelopige-tall
54621
24 000 færre jordbruksbedrifter sidan 1999
statistikk
2011-07-04T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2010, førebelse tal

Endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

24 000 færre jordbruksbedrifter sidan 1999

Talet på jordbruksbedrifter er redusert med 34 prosent sidan førre fullstendige teljing i 1999, syner endelege tal frå Landbruksteljing 2010. Det samla jordbruksarealet i drift har i same perioden gått ned med 3 prosent, til 10,1 millionar dekar.

Tal jordbruksbedrifter og dekar jordbruksareal per jordbruksbedrift. 1979, 1989, 1999 og 2010

Talet på jordbruksbedrifter, eller gardsbruk, har blitt redusert frå drygt 70 700 i 1999 til 46 600 i 2010. Det vil seie at kvart tredje gardsbruk har blitt lagt ned i denne perioden.

Meir eng og mindre åker

I 2010 fordelte jordbruksarealet i drift seg på 8,3 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,6 millionar dekar innmarksbeite.

Det totale jordbruksarealet i drift har gått ned med 3 prosent sidan 1999. I same perioden har åkerarealet blitt redusert med 12 prosent, medan engarealet, inklusive innmarksbeite, har auka med 2 prosent.

Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 216 dekar i 2010. Dette er om lag 70 dekar meir enn i 1999. Sidan 1979 har jordbruksarealet per gardsbruk blitt nær tredobla.

Dyretal per jordbruksbedrift med vedkomande husdyr. 1999 og 2010

Fleire dyr per bedrift

Sidan 1999 har talet på mjølkekyr gått ned med knapt 25 prosent, til 238 000. Talet på ammekyr er derimot nesten dobla på 11 år, og var 70 000 i 2010. Gjennomsnittleg buskapsstorleik auka i same perioden frå 13 til 21 for mjølkekyr, og frå 7 til 13 for ammekyr.

Talet på alssvin var knapt 98 000 i 2010, og har endra seg lite på 11 år. I same perioden har buskapsstorleiken auka frå 27 til 67. For slaktesvin har det vore ein auke i buskapsstorleiken frå 72 til 210, og talet på slaktesvin har auka med 18 prosent til 753 000 i 2010.

I 2010 var det 84 000 færre sauer over eitt år enn i 1999, medan buskapsstorleiken har auka med nesten 50 prosent i same perioden. Eit gjennomsnittleg sauebruk hadde 60 vaksne sauer i 2010, mot 42 i 1999.

Sidan 1999 har talet på verpehøner auka med vel 20 prosent, til 3,95 millionar. Gjennomsnittleg buskapsstorleik har blitt nær tredobla, frå 780 til 2 100.

Fleire tal

Sjå fleire resultat frå Landbruksteljing 2010 .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB