Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Landbruksteljing
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrensar.
Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Bedrifts- og føretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.
Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal vert rekna fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.Jordbruksareal i drift etter kommunen der arealet fysisk ligg. Ei jordbruksbedrift kan drive jordbruksareal i fleire kommunar. Jordbruksareal i drift har sidan 1984 i hovudsak blitt publisert etter den kommunen jordbruksbedrifta sitt driftssenter ligg. Jordeige og -leige på tvers av kommunegrenser gjer at ein då ikkje viser ein kommune sitt faktiske jordbruksareal i drift. Med omgrepet ´´Jordbruksareal i drift etter kommunen der arealet fysisk ligg´´ viser ein jordbruksarealet tilhøyrande kvar einskild kommune.
Leigejord. Jordbruksareal der eigar og brukar av arealet er forskjellige personar, inklusive ikkje-fysiske personar. Jordleige er uavhengig av om det vert ytt godtgjersle eller ikkje til eigaren, såleis inngår også jordbruksareal eigd av andre og som brukar disponerer gratis. Både forpakting av heile eigedomar og leige av tilleggsjord til eigen eigedom reknast som jordleige. Dersom ektefelle til brukar er eigar, reknast arealet som eigd. Dersom deltakar i samdrift eig areal som er i drift på samdrifta, reknast arealet som eigd. Eit leigeforhold refererar seg til ein landbrukseigedoms hovudnummer. Dersom ein brukar av ei jordbruksbedrift har inngått fleire leigeavtaler på same eigedom, reknast dette som eitt leigeforhold. På den andre sida kan eigar av ein eigedom leige ut areal til fleire jordbruksbedrifter, og dette blir rekna som eitt leigeforhold på kvar av bedriftene.
Årsverk. I datafangsten vart arbeidsinnsatsen kartlagt som timeverk. Over tid er timar per årsverk endra. Ved omrekning til årsverk, er det nytta 1875 timar per årsverk for 1999 og 1845 timar for 2010 og 2020.
Andre landbruksbaserte næringar vart tidlegare kalla "Tilleggsnæring" og er aktivitetar som vert drive på jordbruksbedrifta. Aktiviteten skal vere basert på jordbruksbedrifta sine ressursar (areal, bygningar, maskinar og/eller produkt/råvarer), og kan vere av både stort og lite omfang.
Veksthus: Rom der ein kan gå inn utan å måtte fjerne glas- eller plastdekke. Rom med lågare takhøgde blir rekna som vekstbenkar og skal ikkje reknast med som veksthus.
Planteskule: Verksemd med oppal av prydplanter, frukttre eller bærbuskar. Skogplanteskuler er ikkje omfatta av teljinga.
-
Standard klassifikasjonar
-
I tabellane blir følgjande grupperingar nytta: Fylke, driftsform og jordbruksareal i drift på jordbruksbedrifta.