9459_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/hagebruk/arkiv
9459
Gode grønsakavlingar i 2009
statistikk
2010-03-24T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
hagebruk, Hagebruksavlingar, frukt, bær, grønsakerJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Hagebruksavlingar2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Gode grønsakavlingar i 2009

Total produksjon av grønsaker på friland i 2009 er berekna til drygt 160 000 tonn i 2009, ein auke på 4 prosent frå året før. Produksjonen av grønsaker i veksthus var om lag 30 000 tonn i 2009.

Avlingsmengd av frukt og hagebær. 2000-2009*. Tonn

Produksjonen av bær på friland gjekk ned med 8 prosent frå 2008 til 14 400 tonn.. Til samanlikning har produksjonen dei siste ti åra variert frå 9 800 til 14 300 tonn, og middelavlinga er berekna til 13 000 tonn.

Totalavlinga av frukt på 17 500 tonn fordelte seg med 13 800 tonn eple, 1 500 tonn plommer, 1 300 tonn kirsebær og morellar samt 850 tonn pærer. Produksjonen av frukt varierer mykje med veret det einskilde året, og den lågaste produksjonen finn vi i 1999 med 12 400 tonn, den høgaste i 2002 med 20 800 tonn. I gjennomsnitt for dei siste ti åra har fruktavlinga lege på 17 200 tonn per år.

Tabeller: