9451_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/hagebruk/arkiv
9451
Gode fruktavlingar i 2008
statistikk
2009-04-14T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
hagebruk, Hagebruksavlingar, frukt, bær, grønsakerJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Hagebruksavlingar2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Gode fruktavlingar i 2008

Førebelse tal for fruktavlingane i 2008 er berekna til 19 800 tonn. Dette er 6 300 tonn meir enn i 2007, som var eit særs dårleg avlingsår for frukt.

Avlingsmengd av frukt og hagebær, 1998-2008*. Tonn

Totalavlinga av frukt på 19 800 tonn fordelte seg på 16 800 tonn eple, 1 400 tonn1 plommer, 1 000 tonn1 kirsebær og morellar og 700 tonn1 pærer. Produksjonen av frukt har variert frå 12 400 tonn i 1999 til 20 800 tonn i 2002.

Produksjonen av bær på friland er berekna til 13 300 tonn, om lag 900 tonn meir enn året før. Til samanlikning har produksjonen dei siste 10 åra variert frå 9 800 til 14 300 tonn.

Total produksjon av grønsaker på friland er berekna til 166 700 tonn i 2008, ein auke på 16 prosent i høve til året før. I 2007 var det vanskelege forhold for grønsakdyrking mange stader, og mykje regn i vekstsesongen gav låge avlingar av grønsaker på friland.


1Rettet 15.04.2009.

Tabeller: