9453_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/hagebruk/arkiv
9453
Låge fruktavlingar i 2007
statistikk
2008-03-27T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
hagebruk, Hagebruksavlingar, frukt, bær, grønsakerJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Hagebruksavlingar2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låge fruktavlingar i 2007

Totalavlinga av frukt er berekna til 13 500 tonn i 2007, ein nedgang på 5 100 tonn frå 2006. Produksjonen av bær på friland gjekk ned med 1 300 tonn til 13 000 tonn i 2007, medan produksjonen av grønsaker på 166 600 tonn var om lag som året før.

Avlingsmengd av hagebær, frukt og grønsaker. 1998-2007*. Tonn

Totalavlinga av frukt på 13 500 tonn i 2007 er eit godt stykke under gjennomsnittet på 16 700 tonn for dei siste ti åra. Det var mange stader eit vanskeleg år for fruktdyrking, med frostskader i blominga og mykje regn i vekstsesongen.

Produksjonen av bær på friland er berekna til om lag 13 000 tonn, om lag 9 prosent mindre enn året før. Til samanlikning har produksjonen dei siste ti åra variert frå 9 700 til 14 000 tonn, og gjennomsnittet for perioden har vore 11 900 tonn.

Somme stader i landet fekk ein, på grunn av mykje regn i vekstsesongen, låge avlingar av grønsaker på friland. I sum for heile landet blei totalavlinga av grønsaker på friland og i veksthus likevel brukbar. Total produksjon av grønsaker er berekna til 166 500 tonn i 2007, om lag 700 tonn meir enn gjennomsnittet for tiårsperioden 1997-2006.

Tabeller: