9457
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/hagebruk/arkiv
9457
Låge fruktavlingar i 2005
statistikk
2006-04-06T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
hagebruk, Hagebruksavlingar, frukt, bær, grønsakerJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Hagebruksavlingar2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låge fruktavlingar i 2005

Fruktavlinga i 2005 høyrer til den lågaste som nokon gong er registrert. Avlingane av grønsaker og bær låg nær det normale.

Avlingsmengd av hagebær, frukt og grønsaker. 1996-2005. Tonn

Totalavlinga av frukt er berekna til 13 700 tonn i 2005, og det er lågare enn gjennomsnittet på 16 500 tonn for dei siste ti åra. Det var mange stader eit vanskeleg år for fruktdyrking, med frostskadar i blomstringa. Produksjonen av bær på friland er berekna til om lag 12 000 tonn, til samanlikning har produksjonen dei siste ti åra variert frå 9 700 til 14 000 tonn.

Somme stader i landet hadde ein, på grunn av mykje regn, problem med innhausting av grønsaker på friland. I sum blei totalavlingane av grønsaker på friland og i veksthus likevel brukbare. Total produksjon av grønsaker er berekna til 177 500 tonn i 2005, om lag det same som i 2004.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB