20258
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/arkiv
20258
Stor nedgang i laksefiske i elvane
statistikk
2009-02-18T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor nedgang i laksefiske i elvane

I alt blei det fiska 370 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2009. Det er 111 tonn, eller 23 prosent, mindre enn i 2008.

Fangsten var fordelt på 312 tonn laks og 59 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein nedgang på 27 prosent for laks og ein auke på 5 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Gjennomsnittsvekta for laks gjekk ned frå 3,8 kilo i 2008 til 3,5 kilo i 2009. 28 prosent av laksen vog under 3 kg, 34 prosent mellom 3 og 7 kg og 38 prosent over 7 kg.

Fangsten i Tanavassdraget blei nær halvert samanlikna med 2008, men dette var likevel det viktigaste vassdraget i 2009. Deretter følgde Gaula, Namsenvassdraget, Orkla og Altaelva.

Det var nedgang i fangstane i alle fylka bortsett frå Møre og Romsdal og Buskerud. Finnmark og Trøndelagsfylka hadde størst nedgang. Likevel blei til saman halvparten av elvefangsten teke i desse tre fylka i 2009.

Elvefiske etter laks. 2000-2009. Tonn

Elvefiske1 etter laks, sjøaure og sjørøye. Heile landet. 2007-2009. Tonn og 1 000 stk.
  2007 2008 2009 2007 2008 2009
  Tonn 1 000 stk.
I alt  415     482     370     174     169     144
             
Laks i alt  341  425  312 97  112 89
Under 3 kilo 85  106 87 53 61 52
Mellom 3 og 7 kilo  145  153  106 32 34 24
Over 7 kilo  111  166  118 12 18 13
Sjøaure og sjørøye 75 56 59 77 57 55
1  Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut igjen.
Elvefiske1 etter laks, sjøaure og sjørøye. Elvar/vassdrag med størst fangst. 2007-2009. Tonn og 1 000 stk.
  2007 2008 2009 2007 2008 2009
  Tonn 1 000 stk.
Tanavassdraget 48,1    55,4    28,8    13,7    13,0    9,7
Gaulavassdraget 25,5 42,4 27,9 4,8 7,7 4,4
Namsenvassdraget 17,4 26,1 20,0 6,6 7,7 5,0
Orkla 17,7 21,5 17,7 3,5 4,4 3,2
Altaelva 16,3 23,5 15,0 5,2 6,6 6,5
Målselvvassdraget 9,6 13,7 11,1 4,7 5,0 4,4
Tengs-, Bjerkreimselva 11,2 13,2 9,4 5,1 5,4 4,5
Drammenselva 7,3 9,4 9,2 1,4 1,7 1,6
Numedalslågen 10,8 11,8 8,4 2,5 2,6 2,0
Stjørdalsvassdraget 6,1 8,0 7,9 1,6 1,9 1,8
1  Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut igjen.
Elvefiske1 etter laks, sjøaure og sjørøye. Fangst, etter vektklasse og fylke. 2009. Kg
  Fangst i alt Laks Sjøaure og sjørøye
  I alt Under 3 kg 3-7 kg Over 7 kg
Heile landet  370 410    311 517   86 873    106 183    118 461 58 893
østfold 1 369 1 356    112    658    586 13
Akershus og Oslo  520  287  128  152 7  233
Buskerud 11 155 9 575  797 3 328 5 450 1 580
Vestfold 8 396 8 060  711 4 291 3 058  336
Telemark  722  713  248  381 83 9
Aust-Agder  948  747  361  300 86  201
Vest-Agder 17 699 16 579 6 619 7 824 2 136 1 120
Rogaland 32 475 31 430 14 017 11 934 5 480 1 045
Hordaland 7 739 4 725 1 026 2 765  934 3 014
Sogn og Fjordane 16 628 12 228 3 469 4 847 3 912 4 400
Møre og Romsdal 30 111 23 325 8 075 9 466 5 785 6 786
Sør-Trøndelag 57 562 56 945 8 185 17 358 31 402  617
Nord-Trøndelag 36 268 33 643 7 026 9 007 17 610 2 625
Nordland 34 677 17 824 4 965 7 447 5 413 16 853
Troms Romsa 28 040 17 682 3 587 4 762 9 333 10 358
Finnmark Finnmárku 86 102 76 399 27 549 21 663 27 187 9 703
1  Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut igjen.

Ein del fangar og slepp

I 2009 blei det for første gong samla inn opplysningar om fisk som blei sett levande ut i elva igjen. Til saman gjaldt dette 10 100 fiskar, fordelt på 6 700 laks og 3 400 sjøaure og sjørøye. Orkla og Gaula var dei viktigaste vassdraga for dette fisket, med respektive 1 196 og 1 177 fiskar.

Sør-Trøndelag var det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk, med 1 762 laks og 628 sjøaure. Deretter følgde Finnmark og Sogn og Fjordane.

Gjennomsnittsvekta for fisk som blei sleppte ut igjen var 4,8 kg for laks og 1,0 kg for sjøaure og sjørøye.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Fangst som blei sleppt ut igjen, etter vektklasse og fylke. 2009. Kg
  Fangst i alt Laks Sjøaure og sjørøye
  I alt Under 3 kg 3-7 kg Over 7 kg
Heile landet 35 560      32 309      4 335     9 445      18 529    3 251
østfold  407  393 37  176  181 14
Akershus og Oslo 11 11 0 11 0 0
Buskerud  430  430 22  232  176 0
Vestfold  167  140 6 46 88 27
Telemark 0 0 0 0 0 0
Aust-Agder 25 9 1 8 0 16
Vest-Agder  538  439  172  180 87 99
Rogaland  358  254 64 68  123  104
Hordaland  926  583  166  293  124  343
Sogn og Fjordane 4 750 4 358  407 1 726 2 225  392
Møre og Romsdal  871  731  208  317  206  140
Sør-Trøndelag 8 476 7 676 1 231 2 710 3 735  800
Nord-Trøndelag 1 060  952  408  273  271  108
Nordland 3 975 3 230  470 1 520 1 240  745
Troms Romsa 4 006 3 719  168  391 3 160  287
Finnmark Finnmárku 9 562 9 386  977 1 496 6 914  176

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB