20260_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
20260
Auka laksefiske i elvane
statistikk
2009-01-23T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka laksefiske i elvane

I alt blei det fiska 480 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2008. Det er om lag 68 tonn, eller 16 prosent, meir enn i 2007.

Fangsten var fordelt på 424 tonn laks og 56 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein auke på 25 prosent for laks og ein nedgang på 25 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Elvefiske etter laks. 1999-2008*. Tonn

Gjennomsnittsvekta for laks gjekk opp frå 3,5 kilo i 2007 til 3,8 kilo i 2008. 25 prosent av laksen vog under 3 kilo, 36 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 39 prosent vog over 7 kilo. Tala for 2007 var høvesvis 25, 42 og 33 prosent.

Tana med sideelvar var det viktigaste vassdraget i 2008, med ein fangst på 55,4 tonn. Det er 7,3 tonn meir enn i 2007. Deretter følgjer Gaula, Altaelva, Namsenvassdraget og Orkla.

Det har vore auke i fangstane i alle dei nordlegaste fylka, bortsett frå Nordland. I Trøndelagsfylka auka fangsten med 37,3 tonn frå året før. Finnmark og Trøndelagsfylka hadde størst fangst, og meir enn halvparten av elvefangsten er teken i desse tre fylka i 2008.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Heile landet. 2006-2008*. Tonn og 1 000 stk
  2006 2007 2008* 2006 2007 2008*
  Tonn 1 000 stk
I alt  499  415  480  225  174  168
             
Laks i alt  420  341  424  142 97  112
Under 3 kilo  160 85  106 95 53 61
Mellom 3 og 7 kilo  175  145  153 38 32 34
Over 7 kilo 85  111  166 9 12 18
Sjøaure og sjørøye 79 75 56 82 77 56
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Elvar/vassdrag med størst fangst. 2006-2008*. Tonn og 1 000 stk
  2006 2007 2008* 2006 2007 2008*
  Tonn 1 000 Stk
Tana med bielvar 49,6 48,1 55,4 19,3 13,7 13,0
Gaulavassdraget 44,7 25,5 42,4 11,7 4,8 7,7
Altaelva 23,1 16,3 23,5 9,8 5,2 6,6
Namsenvassdraget 21,8 17,4 26,1 7,8 6,6 7,7
Orkla 23,5 17,7 21,5 6,7 3,5 4,4
Målselvvassdraget 9,1 9,6 13,7 5,7 4,7 5,0
Tengs-, Bjerkreimselva 12,0 11,2 13,2 7,0 5,1 5,4
Numedalslågen 9,9 10,8 11,8 2,9 2,5 2,6
Repparfjordelva m/Skaidijohka 9,6 7,0 9,6 4,6 3,0 3,7
Drammenselva 8,1 7,3 9,4 1,9 1,4 1,7
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Fangst, etter vektklasse og fylke. 2008*. Kilo
  Fangst i alt Laks Sjøaure og sjørøye
  I alt Under 3 kg 3-7 kg Over 7 kg
Heile landet  480 300  424 481  105 654  152 669  166 158 55 819
østfold 1 898 1 868  143  936  789 30
Akershus og Oslo  538  280  136  135 9  259
Buskerud 11 055 9 837  865 4 052 4 920 1 219
Vestfold 11 778 11 438  888 6 113 4 437  340
Telemark  931  925  267  613 46 6
Aust-Agder 1 104  873  280  477  117  231
Vest-Agder 22 235 21 259 7 564 11 844 1 851  976
Rogaland 39 729 38 785 14 257 18 662 5 866  944
Hordaland 9 315 6 703 1 253 4 001 1 449 2 612
Sogn og Fjordane 18 581 14 998 3 511 6 771 4 715 3 584
Møre og Romsdal 28 015 22 323 6 100 10 685 5 539 5 692
Sør-Trøndelag 76 732 74 999 13 509 24 012 37 478 1 733
Nord-Trøndelag 44 598 42 213 9 268 15 922 17 023 2 384
Nordland 35 314 20 127 5 411 8 321 6 394 15 187
Troms Romsa 38 294 27 178 6 418 8 220 12 541 11 116
Finnmark Finnmárku  140 185  130 677 35 786 31 904 62 988 9 509