20262
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
20262
Stor nedgang i laksefiske i elvane
statistikk
2008-01-25T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor nedgang i laksefiske i elvane

Førebelse tal viser ein fangst på 412 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2007. Det er om lag 87 tonn, eller 17 prosent, mindre enn i 2006. Fangsten av smålaks blei nær halvert.

Elvefiske etter laks. 1998-2007*. Tonn

Fangsten var fordelt på 338 tonn laks og 74 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein nedgang på 20 prosent for laks og 6 prosent for dei to andre fiskeslaga. Fangsten av smålaks og laks mellom 3 og 7 kilo gjekk ned med respektive 48 og 18 prosent, medan fangst av laks over 7 kilo auka med 30 prosent.

Gjennomsnittsvekta for laks gjekk opp frå 3 kilo i 2006 til 3,5 i 2007. 25 prosent av laksen vog under 3 kilo, 42 prosent mellom 3 og 7 og 33 prosent over 7 kilo. Tala for 2006 var høvesvis 38, 42 og 20 prosent.

Tana med bielvar var det viktigaste vassdraget i 2007, med ein fangst på 48,1 tonn. Det er 1,6 tonn mindre enn i 2006. Deretter følgjer Gaula, Orkla, Namsenvassdraget og Altaelva.

Det har vore nedgang i dei fleste fylka. Sør-Trøndelag og Finnmark hadde størst nedgang, med høvesvis 29 og 20 tonn. Likevel kjem Finnmark og Sør-Trøndelag ut med størst fangst også i 2007. Til saman blei 42 prosent av elvefangsten teke i desse fylka. Av fylka som hadde auke i fangstane, var det Rogaland som auka mest.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Heile landet. 2005-2007*.
Tonn og 1 000 stk
  2005 2006 2007* 2005 2006 2007*
  Tonn 1 000 stk
I alt  519  499  412  248  225  172
             
Laks i alt  424  420  338  149  142 96
Under 3 kilo  189  160 84  110 95 53
Mellom 3 og 7 kilo  122  175  143 27 38 31
Over 7 kilo  113 85  111 12 9 12
Sjøaure og sjørøye 95 79 74 99 82 76
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Elvar/vassdrag med størst fangst. 2005-2007*. Tonn og 1 000 stk
  2005 2006 2007* 2005 2006 2007*
  Tonn 1 000 Stk
Tana med bielvar 33,8 49,6 48,1 10,7 19,3 13,7
Gaulavassdraget 37,5 44,7 25,5 8,2 11,7 4,8
Orkla 26,4 23,5 17,7 6,0 6,7 3,5
Namsenvassdraget 34,1 21,8 17,4 13,3 7,8 6,6
Altaelva 17,8 23,1 16,3 9,2 9,8 5,2
Tengs-, Bjerkreimselva 13,8 12,0 11,2 8,1 7,0 5,1
Numedalslågen 12,2 9,9 10,8 2,9 2,9 2,5
Målselvvassdraget 8,7 9,1 9,6 4,9 5,7 4,7
Drammenselva 9,9 8,1 7,3 1,8 1,9 1,4
Lakselva i Porsanger 6,2 4,7 7,3 2,1 1,3 1,7
Elvefiske. Fangst, etter vektklasse og fylke. 2007*. Kg
  Fangst i alt Laks Sjøaure og sjørøye
  I alt Under 3 kg 3-7 kg Over 7 kg
Heile landet  412 241  338 207 83 854  143 418  110 935 74 034
østfold 1 561 1 490  166  784  541 71
Akershus og Oslo  568  177 52  117 7  391
Buskerud 9 179 7 311  517 3 718 3 076 1 868
Vestfold 10 796 10 355  774 7 239 2 342  441
Telemark .. .. .. .. .. ..
Aust-Agder 1 359  811  297  459 54  548
Vest-Agder 18 975 17 599 5 968 10 006 1 625 1 376
Rogaland 44 570 42 661 15 468 21 568 5 625 1 909
Hordaland 11 260 7 914 1 579 4 718 1 618 3 346
Sogn og Fjordane 22 078 15 786 1 817 6 882 7 086 6 293
Møre og Romsdal 19 856 14 707 4 292 6 728 3 687 5 149
Sør-Trøndelag 52 000 50 443 8 065 18 321 24 058 1 557
Nord-Trøndelag 32 048 28 993 8 920 8 934 11 139 3 056
Nordland 37 019 16 301 6 186 7 289 2 826 20 718
Troms Romsa 31 702 16 719 4 207 6 584 5 928 14 983
Finnmark Finnmárku  119 270  106 943 25 547 40 072 41 324 12 327

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB