20264_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
20264
Svak nedgang i laksefisket
statistikk
2007-01-25T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i laksefisket

Førebelse tal viser ein fangst på 498 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2006. Det er om lag 20 tonn mindre enn i 2005, men 90 tonn meir enn i 2004.

Fangsten var fordelt på 420 tonn laks og 78 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein nedgang på 1 prosent for laks og 18 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Elvefiske etter laks. 1997-2006*. Tonn

Gjennomsnittsvekta for laks gjekk opp frå 2,9 kilo i 2005 til 3,0 kilo i 2006. 38 prosent av laksen var på under 3 kg, 42 prosent mellom 3 og 7 kg og 20 prosent over 7 kg. Tala for 2005 var høvesvis 44, 29 og 27 prosent.

Tana med bielvar var det viktigaste vassdraget i 2006, med ein berekna fangst på 49,6 tonn. Dette er ein auke på 15,8 tonn frå 2005. Deretter følgjer Gaula, Orkla, Altaelva og Namsenvassdraget.

Rekna per fylke, kjem Finnmark og Sør-Trøndelag ut med størst fangst også i 2006. Til saman blei 44 prosent av elvefangsten teke i desse fylka. Fangsten i Sør-Trøndelag gjekk ned med 2 prosent, medan fangsten i Finnmark auka med 38 prosent.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye.
Heile landet. 2002-2006*. Tonn
  2002 2003 2004 2005 2006*
I alt  517  580  408  519  498
           
Laks i alt  423  474  319  424  420
Under 3 kilo  127  177  105  189  160
Mellom 3 og 7 kilo  162  158  126  122  175
Over 7 kilo  134  139 88  113 85
Sjøaure og sjørøye 94  106 89 95 78
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye.
Elvar/vassdrag med størst fangst. 2002-2006*.
Tonn
  2002 2003 2004 2005 2006*
Tana med bielvar  104,0 86,1 35,8 33,8 49,6
Gaulavassdraget 32,8 38,6 27,2 37,5 44,7
Orkla 36,6 33,3 17,7 26,4 23,5
Altaelva 14,8 15,1 12,1 17,8 23,1
Namsenvassdraget 22,0 31,9 23,6 34,1 21,8
Mandalselva 8,4 9,0 7,1 11,7 12,6
Tengs-, Bjerkreimselva 12,1 14,1 10,6 13,8 12,0
Otra 5,5 7,6 5,9 10,1 10,8
Numedalslågen 24,4 19,3 15,8 12,2 9,9
Repparfjordelva m/Skaidijohka 5,2 6,2 3,8 6,9 9,6
Elvefiske. Fangst etter vektklasse og fylke. 2006*. Kg
  Fangst i alt Laks Sjøaure og sjørøye
  I alt Under 3 kg 3-7 kg Over 7 kg
Heile landet  497 683  419 635  159 831  174 699 85 106 78 048
østfold 1 742 1 723  194  871  658 19
Akershus og Oslo  362  116 99 17 -  246
Buskerud 9 327 8 523 1 670 3 696 3 157  804
Vestfold 9 888 9 578 2 095 5 667 1 816  310
Telemark 1 560 1 557  489  943  126 3
Aust-Agder 1 308 1 127  800  312 15  181
Vest-Agder 31 681 30 067 15 330 13 115 1 622 1 614
Rogaland 39 229 38 029 19 458 15 767 2 804 1 200
Hordaland 10 946 8 375 2 310 5 302  763 2 571
Sogn og Fjordane 32 749 24 740 3 940 16 583 4 217 8 009
Møre og Romsdal 27 658 21 723 5 068 12 734 3 921 5 935
Sør-Trøndelag 80 501 78 491 22 481 35 737 20 273 2 010
Nord-Trøndelag 39 406 33 864 10 555 15 556 7 753 5 542
Nordland 38 106 16 701 9 236 5 603 1 862 21 405
Troms Romsa 34 963 18 792 9 770 5 241 3 781 16 171
Finnmark Finnmárku  138 257  126 230 56 337 37 555 32 338 12 027