20274_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
20274
Laksefisket i elvane om lag som i fjor
statistikk
2001-12-14T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Laksefisket i elvane om lag som i fjor

Førebelse tal viser at det blei fiska 519 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2001. Dei førebelse tala for 2000 var 525 tonn. Ein manglar tal frå ein del elvar, blant dei Tana med bielvar, som og mangla i dei førebelse tala for 2000.

Fangsten var fordelt på 433 tonn laks og 86 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før er det ein auke på vel 2 prosent for laks og ein nedgang på nær 16 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Gjennomsnittsvekta for laks var 3,0 kilo i 2001 mot 2,8 kilo i 2000. 42 prosent av laksen var under 3 kg, 38 prosent mellom 3 og 7 kg og 20 prosent over 7 kg. Tala for 2000 var respektive 48, 33 og 19 prosent.

Av elvane som er med i den førebelse statistikken, har Gaula størst fangst, med 51 tonn. Deretter følgjer Namsen, Orkla, Numedalslågen og Tengs-, Bjerkreimselva. Tana med bielvar er førebels ikkje med i statistikken for 2001. Dei endelege tala frå fisket i Tana i 2000 viste ein berekna fangst på 123 tonn. Ein reknar med at tala for Tana vil vere klare i januar 2001.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye.
Heile landet. Tonn
  1999 2000*1 2001*1
I alt 412 525 519
       
Laks i alt 328 423 433
Under 3 kilo 166 203 183
Mellom 3 og 7 kilo 98 141 165
Over 7 kilo 64 79 85
Sjøaure og sjørøye 85 102 86
1  Oppgåve manglar frå nokre elvar, blant dei Tana med bielvar.
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye.
Elvar/vassdrag med størst fangst. Tonn
  2000* 2001*
Tana med bielvar .. ..
Gaula 38,2 51,0
Namsen 31,5 30,3
Orkla 23,5 24,3
Numedalslågen 14,1 21,6
Tengs-, Bjerkreimselva 14,3 14,9
Neidenelva   14,5
Altaelva 14,0 13,9
Mandalselva 5,8 11,3
Drammenselva 8,8 10,4

tlf. 62 88 52 31.