20276_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
20276
Stor auke i laksefisket i elvane
statistikk
2000-12-15T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske2000, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i laksefisket i elvane

Trass i at ein manglar tal frå ein del elvar, blant anna Tana med bielvar, har fisket etter laks, sjøaure og sjørøye i elvane auka frå 412 tonn i 1999 til 525 tonn i 2000.

Fangsten var fordelt på 423 tonn laks og 102 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før er det ein auke på 29 prosent for laks og 20 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Mindre smålaks

Gjennomsnittsvekta for laks var 2,8 kilo i 2000 mot 2,7 kilo i 1999. 48 prosent av laksen var under 3 kg, 33 prosent mellom 3 og 7 kg og 19 prosent over 7 kg. Tala for 1999 var respektive 51, 30 og 19 prosent.

Av elvane som er med i den førebelse statistikken har Gaula størst fangst, med 38 tonn. Deretter følgjer Namsen, Orkla, Tengs-, Bjerkreimselva og Stjørdalselva med Sona, som alle hadde auka fangstar frå 1999. Tana med bielvar er førebels ikkje med i oppgåvene frå år 2000, men var det viktigaste vassdraget i 1999, med ein berekna fangst på 86 tonn. Ein reknar med at tala for Tana blir klare i januar 2001.

Lakse- og sjøaurefiske i elvane. Heile
landet. Tonn
           1998          1999          2000*1
I alt 405 412 525
       
Laks i alt 331 328 423
Under 3 kilo 168 166 203
Mellom 3 og 7 kilo 101 98 141
Over 7 kilo 62 64 79
Sjøaure og sjørøye 74 85 102
1  Mangler oppgåver frå nokre elvar, blant dei er Tana med bielvar.
Lakse- og sjøaurefiske. Elvar/vassdrag med
størst fangst. Tonn
                    1999                   2000*
Tana med bielvar 85,6(1) ..
Gaula 17,9(3) 38,2
Namsen 18,8(2) 31,5
Orkla 8,3(7) 23,5
Tengs-, Bjerkreimselva 9,0(6) 14,3
Stjørdalselva med Sona 8,0(9) 14,2
Numedalslågen 9,2(5) 14,1
Altaelva 9,9(4) 14,0
Drivavassdraget 6,0(12) 11,8
Verdalselva 7,9(10) 11,7