Auke i kornarealet

Publisert:

Førebelse tal viser at kornarealet auka med 47 000 dekar til 2,84 millionar dekar frå 2019 til 2020. Det var arealet av bygg og havre som auka, medan det var ein nedgang i kveite- og rugarealet.

Dei 38 600 aktive jordbruksbedriftene hadde i 2020 eit samla jordbruksareal i drift på 9,86 millionar dekar, viser nye tal frå statistikken Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr. Det fulldyrka arealet auka med 21 000 dekar frå 2019 til 2020, medan overflatedyrka og innmarksbeite var omtrent det same som året før.

1 Foreløpige tall.

Figur 1. Talet på jordbruksbedrifter

Talet på jordbruksbedrifter
1999 70740
2000 68539
2001 65607
2002 61890
2003 58231
2004 55507
2005 53003
2006 51218
2007 49935
2008 48825
2009 47688
2010 46624
2011 45612
2012 44794
2013 43726
2014 43022
2015 42018
2016 41121
2017 40338
2018 39678
2019 39090
2020¹ 38633

I 2020 fordelte jordbruksarealet seg på 8,07 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,6 millionar dekar innmarksbeite.

Gjennomsnittleg jordbruksareal per jordbruksbedrift var 255 dekar i 2020, det er 3 dekar meir enn året før og 20 dekar meir enn i 2015.

1 Gjeld bedrifter med minst 5 dekar jordbruksareal i drift.

2 Samdrifter osv. med mindre enn 5 dekar jordbruksareal i drift er medrekna.

3 Førebelse tal.

Figur 2. Jordbruksareal per jordbruksbedrift

Dekar
1979¹ 76.1
1989¹ 99.7
1999² 146.8
2004² 187.3
2010² 215.8
2011² 219.0
2012² 221.7
2013² 225.8
2014² 229.4
2015² 234.7
2016² 239.2
20172 244.2
2018² 248.6
2019² 251.8
2020³ 255.3

Færre alssvin og fleire storfe

Talet på alssvin minka med 3 900 til 76 100 frå 2019 til 2020. Det samla talet på svin gjekk ned med 15 300 eller 9,2 prosent frå 2019 til 2020.

Det totale talet på storfe auka med 9 700 til 883 800 frå 2019 til 2020. Talet på ammekyr auka med vel 7 prosent i same perioden til 106 800, og det var også ein auke i talet på mjølkekyr på 1,5 prosent til 213 700.

Talet på sau over 1 år på 900 000 var om lag det same som året før, medan talet på sau under 1 år minka med 15 200 til 1,39 millionar i 2020.

Auka buskapsstorleik

Talet på husdyr per jordbruksbedrift aukar for dei fleste husdyrslaga med unnatak for alssvin. Eit gjennomsnittleg mjølkebruk hadde 30 mjølkekyr i 2020, mot 26 fem år tidlegare. Eit sauebruk hadde 66 sau over 1 år i 2020 mot 64 i 2015. Talet på mjølkegeit per eining har auka frå 111 i 2015 til 120 i 2020. For høner har buskapsstorleiken i same periode auka frå 2 100 til 2 800.

1 Førebelse tal.

Figur 3. Dyretal per jordbruksbedrift med vedkomande husdyr

Storfe Mjølkeku Ammeku Sau over 1 år Mjølkegeit Alssvin
1999 34.3 13.8 6.7 42.1 68.9 27.2
2010 51.7 21.4 13.4 62.4 91.2 66.6
2020¹ 67.6 29.9 18.0 65.5 120.0 78.8

Faktaside

Kontakt