9287
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9287
Sterk auke i skattepliktige inntekter
statistikk
2009-11-26T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk auke i skattepliktige inntekter

Samla skattepliktig bruttoinntekt auka med nær 9 prosent frå 2007 til 2008, og utgjorde 1 300 milliardar kroner for busette personar 17 år og eldre. Gjennomsnittleg bruttoinntekt var på 345 300 kroner.

Personinntekt lønn, som er den største inntektskomponenten i dei skattepliktige inntektene, auka med nær 10 prosent i 2008. Tilsvarande auka kapitalinntektene med vel 9 prosent.

Større auke i inntektsfrådraga

Bruttoinntekt fråtrekt inntektsfrådrag og særfrådrag tilsvarar allmenn inntekt, og er grunnlag for berekning av kommune-, fylkes- og fellesskatt. Medan statistikken syner at bruttoinntekta auka med 9 prosent, auka inntektsfrådraga med 20 prosent i 2008. Gjennomsnittleg inntektsfrådrag utgjorde 103 600 kroner. Minstefrådraget er det største inntektsfrådraget med 53 800 kroner i gjennomsnitt. Frådrag for renter utgjorde 33 100 kroner i gjennomsnitt i 2008.

I perioden 1993 til 2008 har storleiken på samla gjennomsnittleg inntektsfrådrag auka frå 43 800 kroner til 103 600 kroner. Dette er ein auke på 44 100 kroner omrekna til 2008-kroner. Minstefrådraget har auka jamt i perioden, medan gjennomsnittleg rentefrådrag har variert. Bruttoinntekta har auka med 188 100 kroner, som omrekna til 2008-kroner tilsvarer ein auke på 132 000 kroner.

Inntektsfrådrag som del av bruttoinntekta. 1993-2008. Prosent

Fleire selde verdipapir med tap

Likninga syner at 255 000 personar selde verdipapir med tap i 2008. Dette er over 100 000 fleire enn i 2007. Samla tap ved sal av verdipapir var på 16,6 milliardar kroner i 2008 mot vel 5 milliardar året før.

Medan fleire selde med tap, var det 155 000 færre personar som selde aksjar og verdipapir med vinst i 2008. Skattepliktig vinst ved sal av aksjar blei nær halvert til 12 milliardar kroner i 2008. Skattefritt utbyte og vinst utgjorde vel 3 milliardar kroner. Skattefritt utbyte utgjorde stordelen av dette beløpet. Ved å sortere alle personane etter storleiken på bruttoinntekta, er over 90 prosent av vinst ved sal av aksjar registrert på dei 25 prosentane som har høgast bruttoinntekt. Tilsvarande er det også blant desse at storparten av tap ved sal av aksjar og aksjeutbyte er registrert.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit uttrekk frå Skattedirektoratet sitt register over sjølvmeldingar ved ordinær likning, og omfattar alle busette personar 17 år og eldre. Bruttoinntekta omfattar alle registrerte skattepliktige inntekter før inntektsfrådrag. Skattefritt aksjeutbyte og skattefri vinst ved sal av aksjar er lagt til bruttoinntekta, renteinntekter som vert skattelagt ekstra og uttak frå deltakarlikna selskap er trekt ut av bruttoinntekta. For meir informasjon om datagrunnlaget, sjå Om statistikken .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB